Naturvernforbundet klagar på utbygging av Berdalselva i Rauma

Norges vassdrags- og energidirektorat har gitt løyve til utbygging av Berdalselva. Naturvernforbundet reknar Berdalselva mellom dei meir verdfulle vassdraga i Rauma, og meiner at vassdraget ikkje skal byggast ut.

Naturvernforbundet meiner at det er fleire feil knytt til føresetnadene for vedtaket som er gjort. Vidare meiner vi vurderingane av både fordelar og ulemper kan vere feil. Oppsummert meiner vi at vedtaket er feil og at det ikkje skal gjevast konsesjon i dette høvet.

Klagen frå Naturvernforbundet får si avgjerd i Olje- og energidepartementet.

Leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden, har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre

Les klagen frå Naturvernforbundet