Naturvernforbundet klager på motorferdselløyve til Eikesdal Alpin

Nesset kommune har gitt Eikesdal alpin løyve til køyring med snøskuter, bandvagn, trakkemaskin og helikopter. Naturvernforbundet klagar på vedtaket og ber kommunen om å gjøre om alle delar av vedtaket. – Det er eit merkeleg vedtak Nesset kommune har fatta, seier leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden.

Løyvet gjeld køyring heilt opp til landskapsvernområdet.

Landskapsvernområdet har mykje av si grunngjeving i at området er viktig for ein del av Nord-Europas attlevande villreinstamme. Det har gjennom år vore arbeidd for at reinen skulle komme tilbake til dette området, og det er oppnådd dei seinare åra. Seinvinteren er ei tid då villreinen kan ha noko marginale tilhøve, både med omsyn til at det kan vere vanskeleg å finne mat og at det nærmar seg kalving. Villreinen er var og blir fort påverka av trafikk, anten det er med eller utan motor. Når kommunen set som vilkår at trafikken skal stoppast viss det er villrein i området, er dette eit vilkår som biologisk sett er vanskeleg. Det skal vel godt gjerast å sjekke område med omsyn til at det er rein eller ikkje der utan å oppsøke området. Når besøket er gjort, kan dette vere nok til at det ikkje er rein der. Når det først er

litt trafikk, vil ikkje reinen trekke til området. Sjølv om vilkåret sikkert er godt meint, gjev ikkje vilkåret noko vern for reinen i praksis. Norsk natur skal forvaltast etter føre var-prinsippet. Dispensasjon for motorferdsel i dette området på denne årstida vil vere alvorleg i alle fall. Her er det tale om fritidsrelatert bruk, og dispensasjon skal ikkje kome på tale.

Det er etter Naturvernforbundet si meining særlege grunner for at det ikkje skal gjevast dispensasjon for motorferdsel til omsøkte føremål i dette området.

Øystein Folden kan kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Les klagen frå Naturvernforbundet

Naturverdiar i og ved Eikesdalen Landskapsvernområde