Naturvernforbundet kommenterer forvaltningsplanen for rovdyr i Midt-Noreg

Rovviltnemnda i region 6 har rullert forvaltningsplanen for store rovdyr for Midt-Noreg. Naturvernforbundet er kritisk til den prosessen som har vore, og tek opp dette i brev til Miljødirektoratet.

Bruk av naturmangfaldloven
I samband med revisjonen av forvaltningsplanen hadde vi venta at i alle fall alle endringar fekk ei vurdering etter naturmangfaldloven. Så skjedde ikkje. I samandraget av høyringsrunden finn ein dette som tilråding frå sekretariatet: «Nemnda kan vurdere om det skal gjøres ytterligere vurderinger opp mot naturmangfoldloven, men vurderinger opp mot naturmangfoldloven skal fortrinnsvis skje i forbindelse med enkeltvedtak.»

Nemnda har gjort mykje rart når det gjeld bruken av naturmangfaldloven i einskildsaker fram til no. Held dei fram på same viset, kan det bli relativt mange klager frå Naturvernforbundet med grunngjeving manglande eller feil bruk av naturmangfaldloven.

Når naturmangfaldloven ikkje er brukt i revisjonsarbeidet, vil det vere ein moglegheit for at ein del av det som står i forvaltningsplanen ikkje kan gjennomførast når einskildsaker blir vurdert etter naturmangfaldloven. Då må naturmangfaldloven gå framfor forvaltningsplanen. Dette vil bli ugreitt, og det vil venteleg ikkje bidra til konfliktdemping som også er eit poeng.

Naturvernforbundet meiner det er feil sakshandsaming at forvaltningsplanen ikkje er vurdert etter naturmangfaldloven.

Vanskeleg balansegang mellom yngleområde og kalvingsland for tamreindrift
Det er i den nye forvaltningsplanen sagt at fellingsløyve skal vere lett å få knytt til kalvingsland, med ein høveleg sone rundt, sjølv når området ligg i ynglesone. I pkt 2.2.1: «Når vi ikke kan skille rovvilt og rein, er det nødvendig med grep som sikrer at en kan forvalte rovviltet i kalvingsområdene innenfor yngleområdene på samme måte som utenfor yngleområdene. For både bjørn og jerv må en kunne ta ut individer både i forbindelse med ordinær lisensjakt, skadefellinger samt ekstraordinære skadeforebyggende uttak i alle kalvingsområder for rein. Når kalvingsperioden er i gang er det ikke ønskelig å gå inn i området for å ta ut skadegjørende individer. Uttak må derfor skje i forkant av kalvingstiden. Tilgrensende fjellområder til kalvingslandet bør inngå i området slik at det får en naturlig avgrensning.»

Rovviltnemnda i region 6 har dei seinare åra praktisert å gi rommelege kvoter utanfor yngleområda, slik at kvota i seg sjølv ikkje skal verke avgrensande for jaktresultatet.

Det er ingen dristig påstand frå Naturvernforbundet å seie at jerven ofte vil halde seg i område der reinen er. Vidare er det vanskeleg å finne så store område innafor yngleområdet utan kalvingsland at ein kan rekne med at jerven kan halde seg på «trygg grunn» til ei kvar tid.

Vi ser for oss at all jerv i tamreinområda vil oppsøke område utanfor yngleområde, eller kalvingsland med omland relativt ofte. Med store kvoter og fellingsløyve som sit laust, vil det vere eit tidsspørsmål før jervbestanden er så låg at fastsette ynglemål ikkje blir nådd.

Krav om uttak av restkvote
Ein finn følgjande formulering i forvaltningsplanen kap. III: «DNs ekstraordinære uttak av jerv (uttak av restkvote etter lisensfelling) skal prioriteres i områder der det er sammenfall mellom kalvingsområder for tamrein og yngleområder (se kap. 2.2.1).»

Viss ein skal kunne følgje eit slikt prinsipp, må ein stille fleire krav til sjølve kvotefastsettinga.
– Ein må vite kor mange av rovdyra som oppheld seg i området
– Ein må vite korleis ynglinga vil bli dei neste åra

Utan slik kunnskap vil ei kvote fastsett etter prinsippet om at den ikkje skal vere avgrensande for uttaket vere eit nedslaktingstiltak og ikkje eit forvaltingstiltak.

Forvaltning av den sørvestlege jervstammen
Rovviltnemnda region 6 har i denne saka vald å oversjå at jerven i Noreg har 3 delbestandar der utvekslinga av dyr mellom dei er såpass svak at det må få forvaltningsmessig verknad. Region 6 har eit ansvar saman med dei andre regionane i Sør-Noreg for å forvalte den sørvestlege jervstammen slik at den totale jervbestanden i Noreg er levedyktig på lang sikt også.