Naturvernforbundet krev gransking av Eide Miljøservice og opprydding av forsøpling i Eide

Naturvernforbundet ber Møre og Romsdal fylke om ein full gjennomgang av driftstilhøve ved Miljøservice AS i Eide. Bakgrunnen er at Naturvernforbundet har registrert ei rekke avvik frå det løyvet fylket har gitt verksemda. Dette kan føre til farleg forureining.

Gjenvinningsverksemda er i utgangspunktet eit samfunnsgode, men då er det eit vilkår at avfallet blir handsama på rett måte i eit anlegg som held mål.

Det er i løpet av 2007 kome fram opplysningar som gjer at Naturvernforbundet no stiller spørsmål ved systema for handsaming av avrenningsvatn ved Miljøservice.

Det nye området som verksemda bygger ut skal i følgje løyvet ha avfallshandsaming i hovudsak under tak og på underlag av betong eller asfalt. Det er tatt i bruk utan nokon av delane.

Bilvrak som verksemda har søkt om å få ta imot er alt registrert på området, sjølv om søknaden framleis er under handsaming.

Område i nabolaget som Miljøservice AS har brukt tidlegare er forlatt utan tilstrekkeleg opprydding og samlar no tilfeldig avfall i tillegg til det som ikkje er rydda.

På bakgrunn av dette har Naturvernforbundet no bedt fylket om ei konkret vurdering av om Miljøservice AS på ei rad punkt held seg innafor det som ligg i løyvet.

Nyleg vann Naturvernforbundet fram i Klagenemnda for miljøinformasjon med sitt krav om å få ut meir informasjon om tilhøva ved Miljøservice. Dei opplysningane Naturvernforbundet allereie har fått gir allereie no grunnlag for å be om ei gransking av verksemda.

Naturvernforbundet har også fått tips om anna forsøpling i Eide kommune. Det er kommunen som er forureiningsmynde. Det er heller sjeldan at kommunen følgjer med så godt at kvart eit avfallslass på avvege blir oppdaga og rydda. Naturvernforbundet reknar difor med at kommunen er avhengig av tips for å kunne finne fram til forureining i ein slik grad at risikoen for å bli oppdaga blir stor nok til at problemet blir marginalt. Difor er det vesentleg at slike tips blir følgd opp.

Sidan det også er slik at få vil stå fram med namn i slike saker, vil organisasjonar som Naturvernforbundet få ein del slike tips. Naturvernforbundet ser det som viktig å gå vidare med desse. På den måten veit folk at det hjelper å tipse.

Konkret sender Naturvernforbundet eit tips om eit område der det er deponert store mengde treflis. Vidare treverk, bygningsavfall, lastebilinnreiingar, plastmøblar og moglegvis andre fraksjonar.

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kan kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Krav til Møre og Romsdal fylke om gransking av Miljøservice

Brev til kommunen om forsøpling

Flyfoto og bilde frå Eide

Film frå det nye området 27. desember 2007

Brev fra naboer 18. januar 2008 om salg av kommunal grunn til Miljøservice

Eide – status 7. desember 2007Foto: Naturvernforbundet