Naturvernforbundet krev innsyn i søknader om bruk av utanlandske treslag

Naturvernforbundet minnar Fylkesmannen i Møre og Romsdal om at Naturvernforbundet ønskjer å få kopi av alle vedtak om utsetting av utanlandske treslag i fylket.

Primært ønskjer Naturvernforbundet også å få uttale seg til alle søknader om utsetting av utanlandske treslag.

Svar frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal:

Sendt: 2. april 2014 13:59
Til: moreromsdal
Emne: Vedr. oversending av vedtak om bruk av utanlandske treslag

Vi viser til brevet dykkar av 24. mars.

Vi må beklage dersom vi ikkje har følgt opp ønskjet dykkar om oversending av alle vedtak om bruk av utanlandske treslag i skogbruket.

Vi har fått 3 saker om bruk av utanlandske treslag i skogbruket; vrifuru og sitkagran i Surnadal, samt europalerk i Stranda. Elles har vi behandla ca. 15 saker om lavrisiko-artar til juletre (fjelledelgran, normannsgran o.l.). Vi har vurdert slike som lite kontroversielle så lenge plantearealet ikkje er registrert med spesielle verneverdiar.

Vedtaket i saka om europalerk er sendt dykk, medan sitkasøknaden framleis er til vurdering hos oss.  Vi er usikre på kva dokument de etterlyser om vrifuru. Endeleg vedtak er fatta av DN, og vi reknar med at de kjenner både vedtaket frå fylkesmannen og DN si klageavgjerd.

Elles føreset vi at vedtak i denne typen saker vil bli henta ut av Miljøvedtaksregisteret når dette er oppe og går, og at det då ikkje er behov for særskilt orientering.

Med vennleg helsing

Ola Betten

Seniorrådgjevar

Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Fylkeshusa, 6404 MOLDE

Tlf.: 71 25 84 76

Mobil: 951 11 767

E-post: ola.betten@fylkesmannen.no

Web: www.fylkesmannen.no/mr