Naturvernforbundet krev opprydding i Skorgeelva i Vestnes

Naturvernforbundet i Vestnes har gjort fleire synfaringer i Skorgedalen og registrert alle dei ulovlege avfallsplassane langs Skorgeelva. – Vi er sjokkerte over omfanget av ulovleg dumping, seier Bernt Gjelsten, leiar i Naturvernforbundet i Vestnes. – No krev vi at Vestnes kommune sørger for opprydding.

Naturvernforbundet har samla oversikt over dei ulovlege avfallsfyllingane og innhaldet i desse i ein rapport som er sendt kommunen. – Avfallsproblemet er diverre langt større enn kva fleirtalet trur. Noko vår dokumentasjon syner eintydig. Seinare rapportar frå Tresfjorden (Tressa) og Furland (Viåna) vil vise til liknande tilhøve på desse lokalitetane, seier Gjelsten.

– Registreringane skulle i fleire tilfelle peike på kven forurensaren er på nokre lokalitetar. I laupet av 2008 har eit par grunneigarar byrja opprydding på eiget initativ. Det er ein framgang, men det er naudsynt at kommunen som lokalt mynde tek tak i forureiningsproblema langs vassadraga våre, for å få til ei langt meir effektiv opprydding, seier Gjelsten. – Våre erfaringar tilseier at forurensar nokre stader ikkje er eintydig. Det er grunneigarar, private næringsdrivande, samt forbipasserande eller lokalbefolkning som hiv frå seg søppel og opprettar lager av tungavfall av ulik karakter. Noko er tydeleg gammalt tungindustriellt avfall og noko er av nyare dato. Avfallsplassane inneheld mykje miljøfarleg stoff som påverkar jordsmonn og grunnvatnet negativt. Til dømes: sementavrenning ned i vassdrag, batterisyre ved elvebredd, rustavrenning og oljefat samt kjemikalie ved vasskant. Dette er sjølvsagt særs skadeleg for tilvekst av fiskeyngel og anna liv i økosystema langs vassdraga.

Vestnes kommune pliktar etter forureiningslova å ta tak i denne typen saker. – Dersom kommunen ikkje tar tak i problemet etter oppmodinga frå Naturvernforbundet, reknar vi med at fylkesmannen vil instruere kommunen til å gjøre det, seier leiar Bernt Gjelsten i Naturvernforbundet i Vestnes.

Kontaktperson for denne saka er lokallagsleiar Bernt Gjelsten, telefon 97 18 60 58. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les rapporten frå Naturvernforbundet i Vestnes