Naturvernforbundet krev politietterforsking av Refa Frøystad Group i Herøy

Etter to år med stadige spørsmål om giftutslepp frå Refa Frøystad Group sitt notimpregneringsanlegg i Torvik i Herøy, krev Naturvernforbundet no at anlegget blir etterforska av Politiet. Bakgrunnen er at verksemda held fram utan å gjøre noko for å redusere sine utslepp, samstundes som dei som skulle «passa på» verksemda, kommunen, fylket og SFT, lar verksemda halde på uten å oppfylle krava.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har i to år hatt si merksemd på verksemda Refa Frøystad Group AS, Herøyterminalen, Torvik. Verksemda driv med impregnering av nøter til fiskeoppdrett. Til dette brukast koparstoff. Deler av verksemda skjer i friluft, og det er etter vår oppfatning manglande sikring mot at koparstoff kan renne i sjøen ved uhell og moglegvis også under normal drift.

Det første året hadde vi ein dialog med verksemda og mykje tyda på at dei ville løyse problema. Men etter den tid har vi sett ei verksemd som trass i pålegg frå det offentlege set sine eigne interesser framføre.

Saka tok ei ny vending for eit år sidan då det blei klart at verksemda trong ei reguleringsplan eller eit løyve frå SFT. 22.6.2007 kravde Herøy kommune stopp i verksemda. 28.1.2008 sette fylkesmannen krav om impregnering i lukka prosess. Den 7.5.2008 fekk verksemda dispensasjon med omsyn til arealbruken, men viser til fylkesmannen sine vilkår knytt til utslepp. Vi er kjent med at verksemda framleis finn stad utan at vilkåret om lukka prosess er oppfylt.

Dei som skal passe på slik verksemd, Herøy kommune og SFT ved Fylkesmannen har ei tid vore kjent med at verksemda held fram utan å oppfylle krava. For oss i Naturvernforbundet ser det ut til at dei vegrar seg for å følgje opp det kontrollansvaret dei har.

Resultatet er at ei verksemd som driv med notimpregnering med manglande kvalitetssikring med omsyn til miljøet får halde fram i marknaden. Det gjer det vanskeleg for andre aktørar i same bransje som vil gjere slikt arbeid på ein seriøs måte. Det taper miljøet på.

Naturvernforbundet ber difor no om at verksemda til Refa Frøystad Group AS, Herøyterminalen, Torvik blir etterforska. Vidare at ulovleg verksemd blir stoppa og at økonomisk fordel av ulovleg verksemd blir inndrege. Vidare må offentleg mynde sin manglande kontroll med verksemda også etterforskast.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Politimeldinga frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Brev frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal til Refa Frøystad Group i januar 2008

Brev frå Møre og Romsdal fylke til Herøy kommune i april 2008

Brev frå Fiskeridirektoratet til Refa Frøystad Group i februar 2007 – side 1

Brev frå Fiskeridirektoratet til Refa Frøystad Group i februar 2007 – side 2

Brev frå Refa Frøystad Group til Fiskeridirektoratet september 2007

Brev frå Herøy kommune til Refa Frøystad Group i juni 2007

Brev frå Herøy kommune til Refa Frøystad Group i februar 2008