Naturvernforbundet krev vern av Onilsafeltet i Norddal

Norddal kommune reviderer kommuneplanen sin. I samband med dette krev Naturvernforbundet at kommunen arbeider for å få verna det unike Onilsafeltet i Tafjord. Dette er eit område med internasjonalt verneverdig olivinfuruskog.

Det har vore kjent i snart hundre år at Onilsafeltet i Norddal er unik i verdssamanheng når det gjeld naturtypen olivinskog / kalkskog av serpentinutforming. Det finst fleire nemningar på naturtypen som er brukt som følgje av at han er såpass spesiell at han ikkje heilt passer inn nokon stad. Til naturtypen høyrer nokre artar som dels er unike for denne, eller i liten grad finst i andre miljø. Meir om dette ligg føre i rapporten ”Olivinskogene i Norge – en oppsummering av status og verdi”.

Stortinget har vedtatt at Noreg på same måte som mesteparten av resten av verda skal stanse tap av biologisk mangfald innan 2010. Den nye lovgjevinga som det er forslag om når det gjeld biomangfald slår vidare fast at det ikkje berre er arten som skal vernast, men og området arten er avhengig av.

Norsk arealforvaltning skjer i kommunane. Skal dei nemnte vedtak og prinsipp ha noko faktisk innhald må kommunane følgje opp. Då Norddal kommune i første runde av revisjonen la opp til at olivinområdet skulle ”avregulerast”, var dette ei god oppfølging av dei internasjonale pliktene Noreg har. Når dette no er revurdert i noverande versjon, er dette eit katastrofalt tilbakesteg.

Naturvernforbundet sitt krav er difor at heile området som er omtala i rapporten ”Olivinskogene i Norge – en oppsummering av status og verdi” blir lagt ut som verneområde der kommunen signaliserer si støtte til at området får vernestatus så fort som mogleg.

Naturvernforbundet ser sjølvsagt at det finst ei problemstilling av økonomisk karakter knytt til ei avregulering av råstoffutvinningsområdet. At det å sikre eit område for framtida kan ha økonomiske konsekvensar for andre sektorar, bør vere godt kjent. Onilsafeltet er eit område med nasjonalt og internasjonal verneverdi, då er reglane utforma og blir praktisert slik at storsamfunnet må vere med og dekke kostnadene ved å sikre det. Denne saken handlar ikkje om økonomi; staten har råd til å verne Onilsafeltet; han handlar om at Norddal kommune tek ansvar for å ta vare på dei uerstattelege naturverdiane vi finn i kommunen.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les fråsegna frå Naturvernforbundet til Norddal kommune