Naturvernforbundet kritisk til Borgundfjordtunnel og veg gjennom Veddemarka

Naturvernforbundet sendte i desember 2009 brev til Samferdselsdepartementet og framheva fire gode grunnar til å krevje at planane om Borgundfjordtunnel og veg gjennom Veddemarka bør omfattast av kvalitetssikringsreglane til staten for store utbyggingsprosjekt. Ein slik prosess vil medføre at den planprosessen som no er starta for desse prosjekta må stoppast inntil kvalitetssikringa er gjennomført.

Naturvernforbundet blei invitert av Sula kommune til å halde innlegg på eit folkemøte 25. november 2009 om planprogrammet for Borgundfjordtunnel / ny veg gjennom Veddemarka. Planprogrammet har vore lagt ut på høyring med frist for kommentarar 1. januar 2010. Det er det private selskapet Bytunnelen AS som står bak planane, med økonomisk støtte frå Sula og Ålesund kommunar. Innleiingsvis peiker Naturvernforbundet i brevet til Samferdselsdepartementet på fire omsyn vi er uroa over i aktuelle prosjektet:

1) Omsynet til klima og byutvikling

Klimautfordringane legg rammene for framtidig byutvikling. Det tyder at vi må nytte areal- og transportplanlegginga til å legge til rette for reduserte klimagassutslep. Då må vi styre arealbruken mot fortetting og transport- og arealsparande lokalisering av funksjonar, vi må nytte ”positive“ virkemidlar, som å betre kollektivtilbodet og sykkelvegnettet for å få til dette, samstundes som vi nyttar ”negative” virkemidlar som å legge begrensningar på biltrafikken, i form av lågare parkeringsdekning, avgrense vegtrafikkapasiteten og auka bruk av avgifter på vegtrafikk og parkering. Eit prosjekt som har til hensikt å gjøre det lettare å køyre bil i regionen, og som samstundes vil ha som effekt at det blir meir tungvint å sykle eller reise kollektivt er ikkje eit klimagassreduserande tiltak. Prosjektet ser altså ut til å vere eit steg i feil retning.

2) Omsynet til naturvern og naturoppleving

Det planlagde prosjektet har potensiale til å kome direkte eller indirekte konflikt med område som er verna etter naturvernlova, både i Sula kommune (Djupvikvatnet-Kringlevatnet naturreservat) og i Ålesund kommune (Ratvikvatnet naturreservat). Desse naturreservata har stor verdi som leveområde for fugl og anna liv, samstundes som særleg områda i Sula også har stor verdi som geologisk referanseområde. Veddemarka er i tillegg eit unikt friluftsområde. Det ligg lågt, er småkupert, har store opplevingsverdiar og er knytt til det større turområdet som Sulafjellet representerer. I Møre og Romsdal er det knappast andre område som har dei same kvalitetane som friluftsområde du kan gå inn i, snarare enn opp i. Det vanskeleg å sjå at det er mogleg å føre fram ein veg gjennom dette området utan å vesentleg forringe verdiane for friluftsliv og naturoppleving.

3) Omsynet til kollektivtransporten

Naturvernforbundet har dei siste åra sett fleire døme på at planlegginga av kollektivtransporttilbodet ikkje er samordna med planlegginga av nye vegprosjekt. Når Eiksundsambandet opna, var det ikkje tatt høgde for at det nye sambandet opna for nye bussløysingar mellom Indre og Ytre Søre Sunnmøre, noko som førte til at kollektivtilbodet reint faktisk truleg er dårlegare no enn før Eiksundsambandet. Det var ikkje ein gang lagt inn omstigningsterminal mellom bussruter nord-sør og aust-vest i prosjektet. Som om ikkje dette var nok, var det heller ikkje lagt inn forsterkingar av kollektivtilbodet verken i Atlanterhavstunnelen (der busspassasjerar må betale bompengar, i strid med Stortinget sine føresetnader for bompengeprosjekt) eller i samband med bortfallet av bompenpenger i Ålesundstunnelane. Som om ikkje røynslene frå andre prosjekt var dårlege nok, skisserte Bytunnelen AS på folkemøtet 25. november dessutan ei finansieringsløysing der dei midlane som i dag blir nytta til å finansiere kollektivtilbodet på båt mellom Langevåg og Ålesund skal nyttast til å finansiere bygginga av tunnelen. Dermed vil desse midlane ikkje vere tilgjengelege for å finansiere eit kollektivtilbod i den nye tunnelen. Dette ser Naturvernforbundet som heilt uakseptabelt; vi meiner tvert om at vi bør nytte bompengar på vegane i Ålesundsregionen til å finansiere eit betre kollektivtilbod i regionen.

4) Dei kommunale ressursprioriteringane

Naturvernforbundet har også stilt spørsmål ved dei kommunale prioriteringane i samband med planlegginga av Borgundfjordtunnelen. Det følger av veglova § 20 at staten ber utgiftene til planlegging, bygging, utbetring, vedlikehald og drift av riksvegar, her òg utgiftene til eigedomsinngrep. Fylkeskommunen ber desse utgiftene for fylkesvegar og kommunen for kommunale vegar. I denne saka har Sula kommune løyvd planleggingsmidlar til Bytunnelen og ny veg gjennom Veddemarka (som vil vere riksveg etter dei reglane som gjeld i dag), medan Ålesund har gitt tilsagn om gratis planbistand til utforming av kryssløysingar på Gåseid. Sjølv om kommunane har sjølvstyre til å bruke midlane sine fritt, så meiner Naturvernforbundet at kommunane i ein situasjon der dei ønskjer å ”subsidiere” staten, slik tilfellet er her, heller burde nytta desse midlane til å planlegge tiltak som kan gi eit tryggare oppvekstmiljø for born i regionen, ikkje tiltak som gir auka forureining. Konkret meiner vi at kommunane i tilfelle burde nytte pengar og ressursar til å planlegge trafikktryggings- og gang- og sykkelvegtiltak langs eksisterande riksvegar. Her er det store uløyste utfordringar; uavhengig av kva som skjer med nye prosjekt.

Naturvernforbundet har dessutan eit spørsmål av meir formell art til Samferdselsdepartementet:

Ramma for prosjektet er på over ein halv milliard kroner, og det er eit bompengeprosjekt. Statens vegvesen har tatt til orde for at dette prosjektet difor er omfatta av dei nye retningslinjene for konseptvalgutredning og ekstern kvalitetssikring (KVU/KS1). På folkemøtet avviste representantar for utbyggarane at dette ville vere aktuelt for dette prosjektet. Naturvernforbundet har avgrensa med røynsle med bruk av KVU/KS1 på privat initierte bompengeprosjekt i vårt fylke; det blir no gjennomført ein prosess i høve Langfjordtunnelen.

Naturvernforbundet peiker likevel på at Borgundfjordtunnelen og ny veg gjennom Veddemarka vil kunne representere store endringar i det regionale reisemønsteret, influensområdet for tiltaket er difor regionalt, ikkje berre lokalt. Etter vårt syn er prosjektet uansett lite eigna til å løyse framtidige miljø-, klima- og byutviklingsutfordringar, men vår utfordring til Samferdselsdepartementet er at dette også sett ut frå eit samfunnsplanleggingsperspektiv er eit prosjekt det er viktig å sjå i eit regionalt perspektiv. I denne samanhengen er det viktig å nemne at Statens vegvesen Region Midt i brev 18. november 2009 til Naturvernforbundet har opplyst at dei, som ein del av det generelle arbeidet med å vurdere kapasiteten på vegnettet i Ålesund er i gang med ei vurdering av ulike miljø- og trafikale tiltak, t.d. vegprising som alternativ til kapasitetsutvidingar. Det vil vere heilt avgjørande å sjå ein slik virkemiddelbruk i samanheng med dei planane som no blir fremja om å auke vegkapasiteten i regionen.

Naturvernforbundet ber difor Samferdselsdepartementet om å vere heilt tydelege overfor Statens vegvesen, kommunane og utbyggar (Bytunnelen AS) på at det framlagte planprogrammet må stoppast no, og at planane om Borgundfjordtunnel og ny veg gjennom Veddemarka må gjennom ei konseptvalutgreiing og ei ekstern kvalitetssikring før eventuell vidare planlegging av prosjektet kan vere aktuelt.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Brevet til Samferdselsdepartementet

Naturvernforbundet sitt innlegg på folkemøte i Sula 25. november 2009

Planprogram for vegprosjektet

Svar frå Samferdselsdepartementet