Naturvernforbundet kritiske til full utbygging av Vengåa

Naturvernforbundet peikar på funn av viktige artar og viktige friluftsinteresser i Vengesdalen og meiner i fråsegna si til Norges vassdrags- og energidirektorat eit inntak må flyttast nedover ved ei eventuell utbygging av Vengåa.

Naturvernforbundet er overraska over at den sterkt truga arten brunburkne er funnen i området som kan bli påverka av ei vasskraftutbygging i Vengåa. Det er viktig å undersøke dette funnet vidare på sommarstid før saka blir avgjort. Også andre kartleggingar som er gjort i området burde slik Naturvernforbundet ser det vore supplert med undersøkingar sommarstid.

I Rauma kommune sin vassdragsplan er dette vassdraget plassert i gul sone. Det tyder mellom anna at andre omsyn som friluftsliv er rekna som viktige i området, og at utbyggar må rekne med at dette blir betydeleg vektlagd. Området vidare innover i Vengesdalen blir brukt mykje til friluftsliv, til trass for at det er ein del inngrep, mellom anna frå kraftutbygging i området. Ytterlegare auke av inngrep vil slik vi ser det vere svært uheldig. Frå der prosjektet blir synleg frå Vengesdalsvegen og vidare oppover til inntaket vil inngrep påverke friluftslivet. Elva i seg sjølv er her fin å sjå på og dessutan ganske tilgjengeleg. I tillegg ligg denne strekninga nær eit mykje bruka område rundt Vengesdalssetra.

Naturvernforbundet meiner at inntaket må flyttast nedover i vassdraget for å redusere ulempene spesielt for friluftslivet. Omsynet til friluftslivet må og vere grunnlag for ei nærare vurdering av anleggsverksemda. Anleggsverksemd til hinder for tilkomst av Vengesdalen, og støy, vil vere svært negativt. Vi går ut frå at andre vil gjere nærare greie for omfanget av friluftslivet.