Naturvernforbundet kritiske til motorferdsel i samband med X2

Ørsta kommune har fått ein søknad frå skiarrangementet X2 om løyve til motorferdsel med helikopter. Naturvernforbundet er kritiske til søknaden for 2010.

Dei tidlegare åra har søknaden frå X2 vore litt annaleis enn dei fleste søknadene om løyve til helikopterlanding. Det gjeld både føremål, verknad og val av område. Vi kan oppsummere slik:

1. Områda har vore nær tettstaden og dei har vore eksponert ein del for det vi kan kalle sivilisasjonslyd frå før.

2. Dei fleste som får ein ekstra grunn til å ta seg til fjells desse dagane det gjeld har måttet gå opp til toppen sjølv og det har fått folk til fjells. Folk har funne ut at det går an, noko som kan gi skiglede og naturglede også utover arrangementet. Helikoptertrafikken har vore avgrensa.

3. Tidsrommet er klart definert. Det er eit kort tidsrom der området er prega av arrangementet i alle fall.

Med søknaden for i år tar det til å endre seg og det er nokre grenser som ein no passerer. Det vil vi forklare slik:

Ørsta kommune kan delast inn i bygde og trafikkerte areal, i sivilisasjonsnære areal, i areal som er såpass langt frå trafikk at dei er stille, og retteleg øyde areal med særeigne kvalitetar. Viss ein forvaltar dette rett, kan det kome til å vere slik også i framtida. I tillegg kan alle interesser få sin del, om ein vil seie det slik.

Desse særeigne kvalitetane er særeigne fordi dei ikkje er trafikerte. Det går berre an å kome dit om ein vil slite seg dit. Det ligg ei utfordring i seg sjølv nettopp i det. Ein skal heller ikkje sjå bort frå at vi har både firbeinte skapningar og slike med vengar som gjerne vil ha det slik, og at det er bra for dei at det ikkje er lett for folk å kome seg til desse områda.

Naturvernforbundet ønskjer at ein framleis skal ha denne nyanseringa av kvalitetar.

Søknaden frå X2 dette året gjeld lokalitetar som har spesielle kvalitetar fordi dei er mindre tilgjengelege og at dei er lite påverka av sivilisasjonslyd.

Alle dei fire lokalitetane som er omsøkt til helikopterlanding for arrangementet i 2010 ligg i prioritert urørtområde i fylkesplanen.

Naturvernforbundet ber difor om at det ikkje blir gitt løyve til helikopterlanding som omsøkt.

Naturvernforbundet har ingen merknader til at det i staden blir gitt løyve til dei lokalitetane som blei brukt i 2009 under tilsvarande arrangement og på same vilkår som då.

Kontaktperson for denne saka er fylkesleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegna frå Naturvernforbundet til Ørsta kommune

Endringsvedtak i Ørsta kommune 22. april 2010

Klage 21. mars 2010 på vedtak i Ørsta kommune om X2