Naturvernforbundet lagar svartliste for Tingvoll

I arbeidet med å sikre mangfaldet av planter i dyr i Noreg, er det utvikla to lister, Raudlista med oversikt over truga artar og Svartlista med oversikt over framande artar som trugar mangfaldet i Noreg. Naturvernforbundet i Tingvoll utviklar no ein lokal utgåve av Svartlista.

Spreiinga av framande artar er rekna som eit av dei største trugsmåla mot naturmangfaldet i verda. Dei framande artane gir store skadar på det naturmangfaldet som høyrer heime i ulike område. Dette har negative økonomiske konsekvensar for livsgrunnlag og næringsverksemd.

Også i Noreg har spredningen av framande artar store økologiske og økonomiske verknader. Med auka globalisering og eit varmare klima er det sannsynleg at effektane vil auke i omfang.

Naturvernforbundet i Tingvoll har starta eit arbeid for å utvikle ei lokal Svartliste, altså ei liste over framande artar som trugar det lokale naturmangfaldet. Med denne kunnskapen vil det vere mogleg å prioritere tiltak for å fjerne desse artane.

Lista omfattar førebels berre plantar. Desse er platanlønn, spanskkjørvel, kjempespringfrø, hagelupin, parkslirekne, kjempeslirekne, hybridslirekne, skogskjegg og rynkerose. På sikt er det eit mål å utvide lista, men her er allereie mykje rydding å ta tak i.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Tingvoll. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Nokre tilleggskommentarar:

Når det gjeld gran står ikkje den på offisiell svarteliste, men Artsdatabanken har ein del av skogstrea under vurdering no. Vi veit at sitkagran spreier seg ein god del og ser ut til å kunne bli eit problem. Edelgran spreier seg og vanleg gran også. Om dette er eit stort problem kan diskuterast. Det må moglegvis til eit registreringsarbeid slik at ein veit meir. Når det gjeld vanleg gran er jo den naturleg heimehøyrande andre stader, og i vårt fylke i Rindal, så det er ikkje den opprinnelege grana, men den som er planta på stader der grana ikkje er etablert frå før som er aktuell for svartelistevurdering. Lerk veit vi spreiar seg ganske enormt, så denne må opplagt vurderast. Hemlok er lite planta, men sjølvsår seg. Dessutan utviklar han spiregift, slik at det ikkje er greitt for andre artar å spire.

Elles er spansk kjørvel førebels mest kring hagar. Skogskjegg har dei seinare åra spreidd seg mykje og finst heilt sikkert. Eg såg han sjølv i ein vegkant i Tingvoll, langt frå der han er planta. Amerikamjølke er mykje utbreidd på Tingvoll og denne planta let seg vel ikkje stoppe. Alt for få kjenner planta til at ho kan lukast. Trur nok denne har vore med planter frå hagesenter, og då finst ho vel alle stader.

Elles kan det jo vere det finst tromsøpalme/sibirbjørnekjeks nokon stader, så det er nok meir arbeid som skal gjerast.

Ei kampanje retta mot slirekneartane, springfrø, hagelupin og platanlønn kan jo vere ein fin start. Seinare kan ein jo halde fram med dei artane som er litt meir vidløftige å finne ut av når ein har trent litt.

Forslaget til svartliste for Tingvoll