Naturvernforbundet lanserer alternativ til Loennechenbua
Naturvernforbundet har lenge vore kritisk til at Turistforeningen vil byggje enda ei hytte i verneområdet i Trollheimen. I staden lanserer Naturvernforbundet eit alternativt forslag om å etablere ei rute gjennom Tingvoll.
Naturvernforbundet ønskjer ikkje fleire konfliktar med villrein og andre naturinteresser i Trollheimen. Derimot meiner Naturvernforbundet det ligg godt til rette for å leggje opp ei familievennleg og interessant rute for fotturistar gjennom Tingvoll.