Naturvernforbundet med fråsegn til klimaplanen til Møre og Romsdal fylke

I ei fråsegn til energi- og klimaplanen for Møre og Romsdal fylke har Naturvernforbundet fleire kritiske kommentarar.

Naturvernforbundet er først og fremst skuffa over at Møre og Romsdal fylke i så liten grad erkjenner kor viktig det er å spele på lag med dei frivillige organisasjonane for å få til ei mobilisering av folk og næringsliv i kampen mot dei farlege klimaendringane. Her foreslår Naturvernforbundet at fylket tenkjer nøye gjennom korleis dialogen kan bli betre i framtida. Naturvernforbundet ber også om at tenesta oljefri.no blir etablert også i vårt fylke.

Når det gjeld skog og klima, meiner Naturvernforbundet at Møre og Romsdal fylke er ute på ville vegar med sitt einsidige fokus på granplanting og bygging av skogsbilvegar.

Elles foreslår Naturvernforbundet at dei årlege JazzGass-konferansane i staden for å fremje fossil energiproduksjon bør gå over til å vere miljøteknologikonferansar.

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har fleire kommentarar. Han kan kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegna frå Naturvernforbundet