Naturvernforbundet med fylkesårsmøte mandag 26. mars
Mandag 26. mars arrangerer Naturvernforbundet i Møre og Romsdal årsmøte i Molde. Nestleiar i Norges Naturvernforbund, Synnøve Konglevoll, blir gjest på årsmøtet og vil presentere miljøutfordringane foran kommune- og fylkestingsvalet.
Presentasjonen til Synnøve Konglevoll vil starte kl. 1800. Det blir mat frå kl. 1700 for dei som kjem med kollektivtransport. Møtet blir på Molde vidaregåande skole.
Etter innleiinga blir det ordinære årsmøtesaker. Saklista ser slik ut:
1) Godkjenning av innkalling og konstituering av møtet
2) Årsmelding for 2006
3) Rekneskap for 2006
4) Arbeidsplan for 2007
5) Budsjett for 2007
6) Val av styre, valkomité, revisor og landsmøteutsendingar til Landsmøtet på Ål 1. – 3. juni.
7) Nominasjon av medlem og varamedlem til landsstyret i Norges Naturvernforbund for 2007 – 2009.
8) Saker som er sendt inn frå medlemmer eller lokallaga innan 12. mars.
Sakspapira vil dels bli sendt ut til lokallaga, dels lagt fram på møtet.
Møtet er ope for alle interesserte.
Leiar Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.
Øystein Solevåg kan også kontaktast om spørsmål i samband med årsmøtet. Han har telefon 40 23 47 05.