Naturvernforbundet med klage på hyttebygging i Trollheimen
Verneområdestyret for Trollheimen har gitt Trondhjems Turistforening løyve til å byggje hytte i Naustådalen. Naturvernforbundet klagar vedtaket inn for Miljøverndepartementet.
Areal utan eller med få og små inngrep blir det stadig mindre av, og det er sjeldan at det kjem på tale å fjerne inngrep og tilbakeføre så godt det let seg gjere til ”urørt” natur. Sjølv der det er sterke biologiske grunnar som på Dovrefjell, viser dette i praksis seg å vere vanskeleg, jf. Snøheimsaka. Såleis er det heilt vesentleg at ein ikkje gjer inngrep i område som står fram som urørte. At slike areal er tilgjengeleg for ein del, slik som Naustådalen, er ein kvalitet som er nærast unik og som må takast vare på.
Det er Naturvernforbundet si oppfatning at bygging av ei turistforeiningshytte i Naustådalen vil vere klart i strid med verneføremålet.