Naturvernforbundet med kommentarar til forvaltningsplanen for Batnfjordsøra naturreservat

Naturvernforbundet har særleg fokus på spreiing av svartlisteartar og på sjøfuglhekking i fråsegna si til forslaget til forvaltningsplan for Batnfjordsøra naturreservat.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har sendt på høyring forslag til forvaltningsplan for Batnfjordsøra naturreservat. Naturvernforbundet er kjent med særleg to problemstillingar knytt til det aktuelle området.

1. Svartelisteplanter

Svartelisteplanter som er påvist i 2008 av Naturvernforbundet i eller nær verneområdet:

Sitkagran: Nokre få store på sørsida av vernearealet og eit betydeleg oppslag innover i verneområdet.

Platanlønn: Ei lita frøplante påvist i 2008 nær verneområdet. Det er grunn til å tru det finst meir.

Kanadagullris: Nokre planter påvist nær verneområdet i 2008. Dette vil vere ei svært plagsam plante i dette området.

Hagelupin: Nokre få planter nær verneområdet påvist i 2008. Denne vil også vere svært plagsam å få inn i delar av verneområdet.

Observasjonane er kartfesta på www.artsobservsjoner.no

Elles vil det vere rart om ikkje det finst rynkerose i området. Kjempespringfrø kan ein også ha mistanke om, og parkslirekne kan vel også vere mogleg. Fleire av svartelisteplantene er truleg komen med hageavfall, så dette med hageavfall nær opptil verneområdet kan vere eit tema.

2. Sjøfuglhekking i bebyggelsen

Hekkande måker på dei flate taka i sentrum har vore omtala i fleire år som ei plage. Naturvernforbundet ser på dette som eit resultat av at vi menneske først slepte ut minken, så katten og til slutt bygde vi industrien på mange av dei naturlege reirplassane. Måkene tok hemn og fann at flate hustak beskytta for mink og katt. At vi dumme menneske let oss forstyrre av måkene har dei ikkje noko mot. Men kan hende går det an å gjere noko med det. T.d. om ein kan ordne reirplassar som er trygge for mink og katt i meir naturlege område for måkene. Konkretisert i staur med brett på slik at måkene kan bruke dei som reirplass. Viss ein kan få til tilstrekkeleg med reirplassar i eller nær ved naturreservatet vil det vere lettare å gi løyve til tiltak mot måkehekking i bebyggelsen.

Vidare meiner vi det er nokre behov som går igjen i fleire slike saker:

3. Budsjett for skjøtsel.

Skjøtselen må skje på grunnlag av skjøtselsbehov og ikkje ut frå kor mykje vedtatt budsjett er på. For å få eit rett budsjettvedtak må det difor budsjetterast.

4. Kartleggingstiltak for å fange endringar

Det er ønskjeleg å dokumentere endringar over tid. I dette området bør både fugl og flora følgjeleg registrerast ein eller fleire gonger i skjøtselsplanperioden.

5. Kultur for skjøtsel

Skjøtsel av verneområde er eit fagfelt der ein kan tenkje seg behov for både lokale aktørar og t.d. firma på regionnivå som skaffar seg aktuell kompetanse.

Dette må det takast høgde for slik at skjøtselen kan halde kvalitet over tid.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegna frå Naturvernforbundet