Naturvernforbundet med krav til kraftline i Haram

Naturvernforbundet stiller fire klare krav til ei eventuell ny kraftline frå Havsul, vindmøllene utanfor kysten av Giske, Haram og Sandøy. Dette kjem fram i ein uttale til Norges vassdrags- og energidirektorat.

Dei fire krava er:

1) Det må utgreiast om det kan leggast kraftline frå Havgul sine anlegg direkte til Aukra og om det då let seg gjere å sløyfe planlagd kraftline mellom Ørskog og Aukra.

2) Sumeffektar for ulike naturtypar må vurderast.

3) Kraftlinesaka må sjåast i samanheng med vindkraftprosjektet.

4) Gamlemsmyra ved Skjelten må undersøkast nærare før ho eventuelt blir industriområde.

For meir informasjon kan leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden, kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Høringsbrev for kraftliner

Les uttalen frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Fastsatt utredningsprogram

Forhåndsmelding for kraftliner Haram – Ørskog