Naturvernforbundet med krav til vindkraftutbyggarar

På pressekonferansen 16. november 2005 om Havsul presenterte Naturvernforbundet ei rekke krav.

PLAN FOR AREAL SOM IKKJE ER EIGNA – Naturvernforbundet har foreslått einanalyse fylkesvis. Metoden går ut på at dei ulike faginstansane tar for seg fylkeskartet og fargelegg med kvar sin farge kva areal som er særleg konfliktfylt å bygge ut. Etter at denne prosessen er gjort, vil det truleg vere nokre areal som framleis er kvite. Desse areala får vindkraftmyndigheitene gå gjennom, slik at areal der ein kan forvente at det ikkje er brukande vindtilhøve og aktuell infrastruktur kan bli plukka ut. Resten av arealet vil då vere potensielle område for vindkraftutbygging. Desse areala kan då aktuelle utbyggarar søke på. Det ligg som føresetnad at det då skal til ei vanleg sakshandsaming med konsekvensutgreiing på vanleg måte. Prosessen bør ikkje ta allverda av tid, og den vil føre til at fleire søknader har føresetnader om å nå fram til utbygging, med lågare konfliktnivå. Det bør alle vere tent med.

FØRE VAR-PRINSIPPET? – Føre var. Det kjem mange rapportar av ymse kvalitet som seier noko om vindmøller og verknaden dei har på landskap, menneske og biologisk mangfald. – Vi bør kunne gje oss litt tid så vi kan samle røyndom frå pionerprosjekt og bruke slik røyndom til å forbetre seinare prosjekt. Har vi det for travelt, vil mange område vere bygd ut før røyndomen kan påverke løysingar som kan bety noko.

ENERGIPLAN FOR MØRE OG ROMSDAL – KVA ALTERNATIV FINST? – Energiplan for Møre og Romsdal. Viss det er aktuelt å subsidiere ei eller anna utbygging med 1 milliard, kvifor ikkje dele ut summen til husstandane i staden, som tilskot til varmepumper, pelletskaminar eller etterisolering? 1 milliard tilsvarar 10 000 kroner til kvar husstand.

VERKNAD UANSETT – SAMLE NEGATIV VERKNAD PÅ EIN STAD? – Det er mykje mogleg at få, store vindkraftanlegg er meir akseptable enn mange små. Randverknaden av vindkraftanlegg kan bli mykje den same anten det er 50 eller 250 møller i anlegget. Finn ein først ein stad der ulempene er akseptable og det er plass for mange møller, kan det vere eit poeng med eit stort anlegg.

DET GRUNNLEGGANDE PROBLEMET – OG GRUNNLEGGANDE LØYSINGAR – Naturvernforbundet meiner at det ikkje skal vere nokon automatikk i at energiforbruket skal auke med 1% i året. Med ei slik auke vil Noreg alltid ha eit energiproblem. Vi må lære oss å leve med den energien vi kan skaffe på bærekraftig vis. – Naturvernforbundet ønskjer at kraftbehov i Noreg skal dekkast av fornybare energikjelder. – Mellom fornybare energikjelder finst vindkraft. Men som for vasskraft ligg det ein klar føresetnad om at arealbruken knytt til produksjon og transport har akseptable verknader.

VINDKRAFT – FORNYBAR ELLER …? – Vindkraft er ein fornybar energi – Produksjonsområda for vindkraft og transporten frå produksjonsstaden til forbrukar har sider ved seg som gjer at energien likevel ikkje er uproblematisk. Vindmøller har stor visuell påverknad over store område. Der det er gode vindtilhøve er det sjeldan det finst mykje å gøyme bort produksjonsanlegga i.

KLONDYKE – Vindkraftsøknadene er både store og mange. Blir alle prosjekta som no er meldt bygd, er det tale om ein produksjon på kring 25 TWh. – Søknadene om vindkraft er til no i stor grad bestemt av kvar det finst vind som høver.

EIN GUNSTIG KRAFTFORM HELD PÅ Å FÅ DÅRLEG RYKTE – Konfliktnivået knytt til vindkraft er aukande. Vi har sett det same innan vasskraft, og det førte til at dei store utbyggingane er slutt. Det punktet kan vere nærare enn mange trur innan vindkraft viss det ikkje blir gjort noko no.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.

Brev frå Ytre Kravika velforening 8. mars 2006