Naturvernforbundet med kritiske merknader til planane om vindkraftverk på Skardsøya og Ertvågøya

Agder Energi har meldt at dei ønskjer å søke om konsesjon for vindkraftverk både aust på Ertvågøya og på Skardsøya i Aure kommune. Slik den nye naturmangfaldlova legg opp til er det viktig at utbyggar syter for at kjennskapen til naturgrunnlaget er tilstrekkeleg til at ein veit kva som vil bli påverka og om påverkinga kan reknast å vere akseptabel. Naturvernforbundet peikar i si fråsegn til NVE på fleire tilhøve som det er viktig å få utgreidd skikkeleg, særleg trugsmålet mot det biologiske krabbefeltet på Skardsøya.

Naturvernforbundet peikar på at det er nødvendig å gjøre utgreiingar av konsekvensar for fugl, plantar, friluftsliv, støy, vegutbyggingar og kraftlinjeutbyggingar for dei to prosjekta.

Mest alvorleg ser nok Naturvernforbundet på at det på Skardsøya i dag er eit stort område utan tyngre tekniske inngrep (eit såkalla INON-område) som strekker seg frå fjord til fjell. Dette vil bli alvorleg endra ved ei utbygging. Slike område med 5 km strandline eller meir finst det svært få av i Møre og Romsdal, og berre ei handfull utanom område som alt er verna. Med klimaendringar i vente er slike rømmingspassasjer eller biologiske krabbefelt som dette området i praksis er viktige. T.d. har ein nasjon som Australia sett på denne problematikken og vurdert det som nødvendig å etablere ein slik rømmingssone frå nord til sør i det landet. I Noreg er det moglegheita til å klatre i høgda som er særs verdifull. Dette er tilfelle som treng ei grundig utgreiing, både når det gjeld det arealet som ligg i influensområdet, og areal i regionen med liknande kvalitetar. Landsmøtet til Naturvernforbundet vedtok i 2007 ei fråsegn om biologiske krabbefelt, denne ligg ved fråsegna frå Naturvernforbundet til NVE.

Tap av andre urørte område er i seg sjølv heller ikkje greitt. Det å sikre større samanhengande inngrepsfrie område er ei ”livsforsikring”. Desse områda kan vere viktige for artar vi i dag ikkje har skjønt betydningen av, og dei kan bli viktige for å sikre økosystem som er meir robuste i forhold til endringar, t.d. av klimaet. I dette området er det kan hende ein del fugleartar som har mest nytte av slike areal. Tap av INON-areal generelt må også vurderast utover sjølve influensarealet, meiner Naturvernforbundet.

Naturvernforbundet nyttar elles høvet til å peike på at det i konsekvensutgreiingane også må utgreiast andre, billegare og meir miljøvennlege måtar å skaffe forbrukarane i Midt-Noreg den same kraftmengda som Agder Energi legg opp til gjennom sine utbyggingar.

Kontaktperson for denne saka i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er fylkesleiar Øystein Folden. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegna frå Naturvernforbundet til NVE

Norges Naturvernforbund om biologiske krabbefelt

Melding – Skardsøya

Melding – Ertvågøya

Kart – Ertvågøya

Endringsmelding Ertvågøya – juni 2009

Norges miljøvernforbunds uttalelse til Rognskog-planene