Naturvernforbundet med mange kritiske kommentarar til Verma-planar

– Sjølv om det er positivt at Rauma Energi har lagt vekk dei verste planane om inngrep inne i verneområdet, har Naturvernforbundet framleis nokre kritiske kommentarar til den foreslåtte opprustina av Verma-kraftverket, seier fylkesleiar Øystein Folden.

I denne saka er det nokre spørsmål knytt til endringa i inntaksmagasinet, endring av minstevassføring i Vermefossen og kraftleidning nedover dalen som har mest å seie for biologisk mangfald og friluftsliv.

Eit løft av vasspegel på 7,5 meter, som Rauma Energi ønskjer, vil ha verknad for naturreservatet nær ved, for innløpsfossen og sjølve dammen vil ha verknad. I tillegg vil uttak av masse til dammen ha verknad. Naturvernforbundet registrerer at det er svært vanskeleg å få verna skog i Møre og Romsdal; dei seks måla med skogreservat som vil havne under vatn her bør erstattast.

Ved utløpet av Verma i Rauma er det påvist fleire truga artar. Sjølv om vassdraget er regulert tidlegare, kan ikkje dette vere eit argument for ikkje å prøve å sikre dei verdiane som er att. Då er område som får fossesprut og fosserøyk særleg viktige. Forslaget til minstevassføring er difor noko lågt.

Naturvernforbundet er glade for at ei 22 kV kraftline kan leggast i kabel. – Vi ser ingen grunn til å nytte dette høvet til å legge til rette for meir utbygging i området; Rauma-Ulvåa er eit verna vassdrag i verna natur; slik skal det fortsatt halde fram! meiner Naturvernforbundet.

Kontakt Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, på telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les fråsegna frå Naturvernforbundet om Verma kraftverk

Fråsegn får Medalen grunneigarlag

Fagutgreiing Verma Samla plan

Konsesjonssøknad Verma

Brosjyre Verma