Naturvernforbundet med mange spørsmål til Nordmøre Oppdrettsservice på Frei

I Tidens Krav 31. juli 2008 var det oppslag om utslepp av farleg avfall frå Nordmøre Oppdrettsservice til sjøen. Naturvernforbundet tek tak i saka og har sendt verksemda ei rekke spørsmål.

Naturvernforbundet nyttar miljøinformasjonslova som gir krav på svar på desse spørsmåla:

1. Kva utsleppsløyve har Nordmøre Oppdrettsservice i dag?

2. Det utsleppet som er fotografert i Tidens Krav har som føresetnad at det er eit samband mellom vaskeprosess og utløpsrøyr. Kva tiltak finst mellom desse med tanke på at lekkasjar/uhell/overløp ikkje skal hamne i sjøen?

3. Kva vaskemiddel nytter Nordmøre Oppdrettsservice ved vask av nøtene? Vi ser gjerne at vi får kopi/lenke til databladet for midla.

4. Kor stor avfallsmengde leverte Nordmøre Oppdrettsservice i 2007? Vi går ut frå at dette avfallet har ein eller annan spesifikasjon av innhald, og denne vil vi gjerne ha.

5. Kva firma har Nordmøre Oppdrettsservice levert dette avfallet til?

6. Kor mange nøter stammer dette avfallet frå?

7. Har Nordmøre Oppdrettsservice rutinar for målingar av utslepp frå verksemda?

8. Har Nordmøre Oppdrettsservice nokon gong målt verdiar av t.d. koparstoff i sjøen ved verksemda?

9. Det blir påstått i Tidens Krav at det har vore utslepp til sjøen på kveldstid tidlegare. Kan Nordmøre Oppdrettsservice seie noko om kor ofte det har vore utslepp til sjøen og kor store mengde det er tale om?

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Brevet frå Naturvernforbundet til Nordmøre Oppdrettsservice

Svar frå Nordmøre oppdrettsservice 29. august 2008