Naturvernforbundet med omfattande klage på Volda kommune i skogvernsak

Naturvernforbundet klaga 1. februar i år på Volda kommune sitt løyve til å byggje traktorveg i det verneverdige området Tjørnanakkane i Bjørkedalen i Volda. Volda kommune har avvist klagen og meiner Naturvernforbundet ikkje har klagerett i den aktuelle saka. Naturvernforbundet reagerer kraftig på dette, og har sendt ein omfattande klage til Møre og Romsdal fylke.

Bakgrunnen for saka er at det er søkt om byggjing av traktorveg i eit område med olivinfuruskog i Bjørkedalen. Olivinfuruskog er ein sterkt truga naturtype, globalt er det berre om lag 5 kvadratkilometer att av denne naturtypen, nesten alt på Sunnmøre. Olivinen i berggrunnen gir eit særegent jordsmonn og rik samansetning av sopp og plantar i furuskogen. Det største trugsmålet mot olivinfuruskogen som er att, er dagbrudd etter olivin, men også vanleg skogsdrift vil skade mangfaldet av sopp og andre plantar.

Naturvernforbundet meiner Volda kommune si behandling av saka er i strid med skogbruksloven og forskrift om berekraftig skogbruk. Naturvernforbundet meiner at saksførebuinga i denne saka er så mangelfull at vedtaket må reknast som ugyldig. Overordna mynde bør av eige tiltak kunne oppheve vedtaket. Naturvernforbundet grunngir dette synet mellom anna med å vise til at tilgjengeleg informasjon om naturverdiar i området ikkje er nytta og at omsynet til Levende skog-standarden ikkje er følgd i saka.

Naturvernforbundet stillar seg heilt uforstaånde til at organisasjonen ikkje skulle ha klagerett på offentlege avgjerder som kan truge naturmangfaldet, og det har difor gått ein særskilt klage til Møre og Romsdal fylke på dette punktet. I klagen nemner Naturvernforbundet ei rekke høve der Naturvernforbundet har hatt slik klagerett.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Utfyllande klage frå Naturvernforbundet til Møre og Romsdal fylke

Kommentarer til vedtaket – knytt til skogbruksloven

Kommentarer til saka – knytt til landbruksvegforskrifta

Kommentarer til saka – knytt til forskrift om berekraftig skogbruk

Klage på avvisningsvedtak

Dom i Ryfylke tingrett om skogsveg

Naturvernforbundet får medhald i klage om stopp i vegbygging

Brev frå grunneigarane i Bjørkedalen til Volda kommune

Oppfølgingsspørsmål til Møre og Romsdal fylke om saksbehandlingsrutiner for skogsvegsaker i Volda

Svar frå Møre og Romsdal fylke på saksbehandlingspraksis

Kommentarar til klagesaksbehandlinga

Svar frå Møre og Romsdal fylke 1. juli 2008 om saksbehandlingsrutiner

Svar om behandling i fylkeslandbruksstyret

Spørsmål til Møre og Romsdal fylke om saksbehandling etter skogsvegforskrifta

Avgjerd i fylkeslandbruksstyret

Melding om vedtak i fylkeslandbruksstyret

Avisa Møre 16. februar 2008

Gardskart vedlagt søknaden for Haueråsa

MIS-registreringar til Haueråsa-saka

Frå hogstfelt i Tjørnanakkane i Bjørkedalen – februar 2008 Foto: Dag Holtan

Frå hogstfelt i Tjørnanakkane – februar 2008 Foto: Dag Holtan

Frå hogstfelt i Tjørnanakkane – februar 2008 Foto: Dag Holtan

Frå hogstfelt i Tjørnanakkane – februar 2008 Foto: Dag Holtan

Frå hogstfelt i Tjørnanakkane – februar 2008 Foto: Dag Holtan

Frå hogstfelt i Tjørnanakkane – februar 2008 Foto: Dag Holtan

Frå hogstfelt i Tjørnanakkane – februar 2008 Foto: Dag Holtan

Frå hogstfelt i Tjørnanakkane – februar 2008 Foto: Dag Holtan