Naturvernforbundet med ros til Rauma for vassdragsplan
– Naturvernforbundet er svært nøgd med at Rauma kommune som den første i fylket har laga ein plan for vassdraga sine, seier leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden.
– Vassdragsverdiane har ein naturverdi som er tilstrekkeleg grunngjeving for å ligge urørte. Som blodårene er det for oss menneske, er vasstrengane heilt vesentlege livsårer for naturen, meiner Naturvernforbundet.
– Vi må ha ein særleg god grunn for at dei skal vere noko anna, og vi må vere varsame slik at vesentlege verdiar forblir urørte. Rauma kommune har gjennom sin vassdragsplan fått seg ein reiskap slik at utnytting av vassdrag er mogleg, samstundes som dei viktigaste vassdraga blir igjen urørt, heiter det mellom anna i uttalen.
For meir informasjon kan Øystein Folden kontaktast på telefon 91 81 25 42.