Naturvernforbundet med utfordringar til Venstre

På årsmøtet til Møre og Romsdal Venstre laurdag innleia Øystein Solevåg frå Naturvernforbundet til debatt. Han kom med ei rekke forslag politikarar frå Venstre kan ta fatt i i sine kommunestyre.

Naturvernforbundet la særleg vekt på klimautfordringane, utfordringane for det biologiske mangfaldet og omsynet til det å sikre oppveksområda for barn. På alle desse felta spelar kommunene ei nøkkelrolle. Delegatane var positive til utfordringane frå Naturvernforbundet.

Fram mot kommune- og fylkestingsvalet til hausten har Naturvernforbundet forsøkt å få høve til å kome med innspel til programarbeidet i fleire kommune- og fylkesparti i fylket. Førebels er det særleg KrF og Venstre som har vist størst interesse for initiativet. Naturvernforbundet har von om at også fleire parti kan vere interesserte i forslag til ein betre miljøpolitikk.

Øystein Solevåg har telefon 40 23 47 05. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Innleiinga til Øystein Solevåg på Venstre-årsmøtet

Klimavennlig kommune – hefte fra Natur og Ungdom til kommunevalget 2007

Rapport frå arbeidsseminar om kommunalt klimaarbeid

Fem utfordringar frå Møre og Romsdal Natur og Ungdom

Den globale belastninga av miljøgifter