Naturvernforbundet med uttale til strandsoneinngrep i Halsa
Naturvernforbundet har uttalt seg i samband med oppstart av planarbeid i Henna i Halsa kommune.
Naturvernforbundet vil i denne saka ha interesse av løysingane knytt til
strandsona først og fremst.
Naturvernforbundet ber derfor om at det blir lagt vekt på følgjande ved vidare planlegging:
– tilgjenge for folk flest må ikkje bli dårlegare enn no, mellom anna som ein verknad av privatisering.
– Strandsona som verdifull natur for biologisk mangfald må ivaretakast med dei løysingane som blir valde. Eventuell vegetasjon langs sjø/bekk kan vere særleg verdifull.
For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kontaktast på telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen