Naturvernforbundet meiner søknaden frå Kysinga kraft må avvisast

Naturvernforbundet krev at rapportane om kartlegging av biologisk mangfald som låg ved søknaden frå Kysinga kraft i Rindal blir underkjent.

– Det er ikkje mogleg å ta stilling til søknaden når dokumentasjonen er så svak, seier Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Kysinga kraft har søkt om løyve til kraftutbygging i Rindal. Saman med søknaden ligg to rapportar om biologisk mangfald. Begge har store manglar. Rindal kommune har tidlegare fått gjennomført ei kartlegging av biologisk mangfald i heile kommunen. Her er det vist at det aktuelle området kan innehalde viktige naturverdiar. Også berggrunnskart for området viser dette.

Rapportane tek ikkje omsyn til dette. Naturvernforbundet har i ei tidlegare sak i Rindal, Gryta kraftverk, fått gjennomført ei eiga kartlegging av biologisk mangfald som viste at utbyggarane hadde gjort slett arbeid. Det blir no varsla at det kan vere aktuelt å gjøre det sama i denne saka.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre

Uttale frå Naturvernforbundet til Norges vassdrags- og energidirektorat

Vedlegg til uttalen frå Naturvernforbundet

Biologisk mangfaldrapport – Kysinga – side 1

Biologisk mangfaldrapport – Kysinga – side 2