Naturvernforbundet møter olje- og energiministeren tysdag 10. januar

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal skal møte olje- og energiminister Odd Roger Enoksen på ferga frå Hollingsholmen til Aukra tysdag 10. januar kl. 0945.

På fergeturen skal fylkesleiar Øystein Folden skal overrekke tre energikrav til olje- og energiministeren.

Dei tre krava blir tilgjengelege her kl. 0945 tysdag.

Naturvernforbundet drar saman med Natur og Ungdom attende til Hollingsholmen og vidare til Hustadmarmor i Elnesvågen. Vi reknar med å vere i Elnesvågen frå 1115. Hit kjem olje- og energiministeren kl. 1230 for å ta del i eit lunsjseminar.

Deltakarane frå Naturvernforbundet vil vere fylkesleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42 og styremedlem Edvard Sandvik, telefon 93 06 52 11.

Les krava frå Naturvernforbundet til olje- og energiminister Odd Roger Enoksen