Naturvernforbundet negative til fiskeoppdrett i Tingvoll

Naturvernforbundet i Tingvoll ønskjer meir regulering av oppdrettsnæringa, og lokallaget rår difor Tingvoll kommune til ikkje å gi dispensasjon frå kommuneplanen.

Det er to saker til høyring for lokalitetar i samband med fiskeoppdrett i Halsbukta og ved Kansdal i Tingvoll.

Saka handlar om både lokalisering og volum. Kommuneplana har ei viss styring når det gjeld lokalisering. Når det gjeld volum er det eit mål frå regjeringa om at sjømatnæringa skal vekse, og det finst ingen instrument nedover i systema som kan påverke det, med unnatak av at det eventuelt ikkje finst lokalitetar.

Det største problemet med fiskeoppdrettsnæringa er volum. Oppdrettsfisk tilfører allereie havet meir nitrogen og fosfor enn samla utslepp frå landbruk, personar og industri, også i Møre og Romsdal. Nyleg kom ein rapport om at sukkertaren er på veg til å forsvinne. Sunndalsfjorden er nemnt som døme på at det er stor tilbakegang. Det er peika på ein samansett årsak til dette, der temperaturauke i havet og tilføring av næringssalt er nemnt som hovudfaktorar. Temperaturauka i havet kan ha ein samanheng med menneskeleg verksemd der klimatiltak ser ut til å vere hovudmedisinen. Når det gjeld næringssalt er det redusert verknad av fiskeoppdrett som må vere hovudinnsatspunktet, kan hende saman med tiltak retta mot landbruket.

Naturvernforbundet ber om at det ikkje blir gitt dispensasjon frå gjeldande arealplan med omsyn til utviding.

Kontaktperson for denne saka er lokallagsleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les fråsegna frå Naturvernforbundet i Tingvoll