Naturvernforbundet – nei til alt?

I Naturvernforbundet får vi høyre at vi seier nei til alt når det gjeld utbygging av vassdrag. Dette er feil.

I Noreg blei dei store vassdraga bygd ut gjennom nærare hundre år. Til slutt var det nok, og Mardølasaka og Altasaka førte til at dei store vassdraga vi no har att blir rekna som store naturverdiar som ikkje skal byggast ut. Utbyggingsinteressene har no kasta seg over dei små vassdraga, og det same held på å gjenta seg – vi er vitne til ei omfattande utbygging utan særleg styring. Naturvernforbundet sendte først eit brev til kommunane 20.3.2004 der vi ba kommunane sortere vassdraga sine slik at dei mest verdifulle ikkje blir bygde ut. 20.9.2005 sendte vi eit oppfølgjerbrev. Rauma var då i full gang med ei slik sortering, elles er dei andre kommunane i beste fall i tenkjeboksen. Den noverande regjeringa har tatt høgde for dette og lagt inn slik samla vurdering i Soria Moria-erklæringa.

Viss kommunane hadde gjort jobben sin med ei slik samla vurdering, kunne vassdragsutbyggarane sjølve sett om det var utsikt til utbygging, eller om dei andre verdiane i vassdraget var høgare. Då ville også jobben for Naturvernforbundet blitt ein annan. Vi skulle gjerne hatt slike samla vurderingar, no må vi bruke vårt beste skjøn.

Opplistinga nedanfor gjeld for 6 kommunar på Indre Nordmøre og vitnar om at Naturvernforbundet har vore ganske nyansert i si vurdering av prosjekta.

Prosjekta som vi har laga fråsegn til kan delast inn i 3 grupper. A tyder at det er akseptabelt med utbygging. B tyder at utbygging kan vere mogleg, men at prosjektet må gjerast om med omsyn til minstevassføring, regulering av vatn og liknande. I nokre høve vil slike endringar gjere prosjektet ulønsamt. C tyder at dei negative konsekvensane er så store at prosjektet ikkje skal gjennomførast. Grunngjevinga for det har stor variasjon i tema. Under har vi nokre kommentarar til det enkelte prosjektet.

Vassdrag

kommune

Ljøsåa

Sunndal

A

Usma

Sunndal

B *1

Erga

Sunndal

C

Erstadelva

Sunndal

C

Heina

Nesset

A *2

Gryta

Rindal

C *3

Brandåa

Rindal

C *4

Kvalvågelva

Gjemnes

A *5

Gylelva

Tingvoll

C

Vassdalen

Surnadal

C

Sagelva

Surnadal

A *6

Gløna

Surnadal

B *7

Nordsvorka

Surnadal

A

Setergrytå

Surnadal

A

Merknader:

1. Usma kan kanskje byggast ut noko, men omsøkte løysing utan minstevassføring er eit for stort inngrep. Strekninga litt lenger ned, der det alt er gjort mykje med elveløpet i form av forbygging osb. kunne kanskje heller ha vore bygd ut?

2. Regulering av 2 vatn i fjellet bør ikkje godtakast som framhald av tidlegare regulering. Det må vere krav om nytt ”reguleringsreglement” som minimum.

3. Det er mogleg at vassdraget kan byggast ut, men det er fleire sider ved prosjektet som er så dårleg utgreidd at det krev meir grunnlagsvurdering og truleg justering av mellom anna damstaden.

4. Regulering av to vatn hadde uakseptabel løysing og svak utgreiing av konsekvensar. Det kan tenkjast at eit endra forslag til utbygging, med vesentleg mindre regulering kan vere akseptabel.

5. Regulering av vatn blei akseptert, men krav om minstevassføring.

6. Men krav om minstevassføring.

7. Søknaden var mangelfull på fleire område, mellom anna konsekvens av regulering av vatn, og fråvik av minstevassføring, burde ha vore utgreidd meir og vurdert nærare.

Dei som vil sjå nærare på kva Naturvernforbundet seier i slike saker kan ta seg ein tur innom heimesida vår (www.naturvern.no/moreromsdal). Variasjonane er nok vesentleg større i dette materialet enn dei vedtaka som kjem frå NVE. I tida 2000 til sommaren 2005 gjorde NVE vedtak i 88 saker. 2 av dei enda med avslag.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Telefon 91 81 25 42 Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre