Naturvernforbundet: Nei til motorferdsel i Kvenndalen i Surnadal

Naturvernforbundet ønskjer ikkje motorferdselsarrangement i Kvenndalen, og varslar i ein uttale til Surnadal kommune at eit eventuelt løyve vil bli påklaga.

Det er to hovudgrunner til at Naturvernforbundet er imot å gje ein dispensasjon til dette arrangementet. Det eine er at Kvenndalen ligg slik til og har slike kvalitetar at støyande verksemd her er til stor plage. Her er normaltilstanden ro og ferdsel utan motordur. Slik bør det halde fram. Det andre er at bilete av bilar av denne typen ute i naturen vil auke presset på trafikk med slike bilar i naturen andre stader i framtida. Leik med slike køyretøy bør knytast til industriområde og banar laga for slike formål, ikkje natur.

Viss søknaden om gjennomføring av arrangementet får dispensasjon, kan klage frå Naturvernforbundet på eit slikt vedtak påreknast.

Fylkesleiar Øystein Folden i Naturvernforbundet har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Jeg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for å ta vare på naturen

Les uttalen til Surnadal kommune