Naturvernforbundet og aluminium

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Baste Hannisdal kjem med nokre tesar om aluminium. Naturvernforbundet er ikkje samd i alt som er nemnt. Ein av føresetnadene for det heile – at Naturvernforbundet vil avslutte aluminiumssmelting er feil. Naturvernforbundet kan godt oppsummere litt korleis vi tenkjer om aluminiumsproduksjon og bruk av aluminium.

Aluminiumsproduksjon av straum frå vasskraft og andre fornybare energikjelder er ein god ide. Difor bør vi t.d. slutte å bruke straum til oppvarming, sidan vi til oppvarming har gode energialternativ, t.d. spillvarme frå industri og biobrensel.

Tidlegare blei aluminiumsverk bygd der krafta var. Den siste utbygginga i Sunndal er i så måte eit unnatak som skapar store problem. Råstoffet til aluminium blir frakta med båt, og smelteverket kan vere kvar som helst langs kysten. Ferdige produkt bør også i stor grad fraktast sjøvegen. Den einaste innsatsfaktoren som er stadbunden er straumen. Å flytte straum er komplisert, fører til energitap og vil alltid vere inngrep i landskap og natur. Smelteverk på stader der det er nok straum er difor heilt vesentleg.

Stort forbruk er eit problem i seg sjølv. Vi kan gjerne bruke aluminium i staden for materialar som har dårlegare krinslauprekneskap, men vi skal alltid passe på å ikkje bruke meir enn nødvendig. Overforbruk fører til unødig transport og unødig ressursbruk i alle ledd elles. Det vi bruker må vi bli flinkare til å resirkulere. Metall, anten det er aluminium eller noko anna, som hamnar på fyllinga er ressursar på avvege.

Aluminiumsverket på Sunndalsøra er mellom dei aluminiumsprodusentane som bruker energien mest effektivt. Difor møtte generalsekretæren i Naturvernforbundet opp under opninga av SU4 og roste Hydro nettopp for det. Men auka volum på produksjonen, slik at det er bruk for meir straum enn det som blir produsert lokalt er eit problem. Slik sett burde Årdal ha vore modernisert, og Sunndal vore omstilt. Slikt har med samfunnsplanlegging å gjere, men når sjefen for NVE kunne seie at straumforsyninga ikkje var noko problem og politikarane trudde på det, då er det gjerne ikkje heilt enkelt.

Kva som vil skje om nokre år når noverande kraftavtaler går ut er og ei side av saka. Der er Naturvernforbundet i tenkeboksen. Det er eit poeng å produsere aluminium med vasskraft. Samtidig er det nødvendig å ha instrument som gir stimulansar til effektiv bruk av energien og dessutan er dette med lokaliseringsspørsmålet ikkje så heilt uvesentleg.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Innlegg om aluminium