Naturvernforbundet og småkrafta

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal Bondelag seier i ei fråsegn at ein fylkesplan for småkraft er unødvendig og fører til at småkraftverkutbygging blir forseinka.

I Romsdals Budstikke er det 6. november ei reportasje om småkraftverk. Denne reportasjen tar opp ein del av det same og seier mellom anna at småkraftverk kan løyse kraftkrisa.

Omlag 2/3 av vassdragsressursane våre er alt bygd ut til kraftproduksjon. Ein del vassdrag er verna mot kraftutbygging, og ein del vassdrag ligg i område verna til andre føremål.

Det bør nemnst at mange av dei vassdraga som er verna eller ligg i verneområde ligg utanfor det vi ser til dagleg. Landskapet vi ser rundt oss til dagleg, der ville vassdrag ligg som broderi på grå og grøne dalsider, ligg stort sett ikkje i verna område.

Birger Morstøl i Unhjemkraft AS kallar Naturvernforbundet for den store bremseklossen i saker som gjeld utbygging av alle dei mest synlege vassdraga våre. Naturvernforbundet har klaga på to konsesjonar i vårt fylke, andre søknader kan vi ikkje sjå at vi har forseinka. Når Bondelaget kallar dette eit stort generelt problem, er det å ta litt drygt i.

Kommunale eller fylkesvise planar for å prioritere dei små vassdraga vi har att i fylket vårt, er etter Naturvernforbundet sitt syn ein fordel for alle partar. Rauma kommune har ein slik plan. Der veit alle no at ein del vassdrag har store verdiar som gjer at dei ikkje skal byggast ut. Andre vassdrag er langt på veg klarert for utbygging, noko som gjer sakshandsaminga i desse vassdraga mykje enklare og raskare. Ein mellomkategori tilseier at dei som vil bygge ut må rekne med å legge ein god del arbeid i å dokumentere skadeverknader og avbøtande tiltak for eventuelt å få konsesjon. Klagesaken i Rauma gjeld eit vassdrag som i utgangspunktet ville ha vore plassert som neivassdrag.

Planar for vassdraga bør vere minst like naturleg som at vi regulerer hyttebygging i form av slike planar.

Småkraftverk løyser ikkje kraftkrisa i Møre og Romsdal. Siste oversyn frå Istad Nett seier at det er tale om ein effekt på 270 MW og ein årsproduksjon på 0,86 TWh i utsikt frå til saman 75 småkraftverk. I tørrår og om vinteren produserer desse kraftverka lite eller ikkje noko. Småkraftverka kan aldri bli meir enn ein del av løysinga. Bønder som hogger ved og flis er ei vel så viktig løysing på energiproblemet.

Små kraftverk er elles ikkje det same som små inngrep. I kvart einaste utbygde vassdrag blir vassmengda i elva sterkt redusert på ei strekning. Dette har verknad, og når mange vassdrag blir bygd ut på denne måten, blir det ein stor verknad til saman. Det er også slik at ein kan finne 30 vassdrag som kvar for seg kan byggast ut med akseptable verknader. Blir alle 30 bygd ut, er det svært skadeleg. For å sortere ut kva vassdrag som kan byggast ut og kva vassdrag som ikkje skal byggast ut i eit slikt tilfelle, må ein ha ei samla vurdering.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre