Naturvernforbundet og vindkraft

I 2019 var rammeplan for vindkraft på høyring. Det enda med grunnstøyting. No er det nokre som pusser støvet av planen. Er stoda den same?

Konklusjonen i 2019 då rammeplanen var på høyring, var at naturverdiane ikkje var tatt med i vurderingane, og at systemet i stor grad la opp til at naturverdiar ikkje blei undersøkt før det var for seint.

Ein gjennomgang av dei foreslåtte områda i Møre og Romsdal enda opp med at ingen av dei blei vurdert som aktuelle for utbygging.

Korleis er det snart 4 år etter? Vurderingar når det gjeld natur, landskap og friluftsliv er omtrent dei same.

Arbeidet med rammeplanen i 2019 fekk ein bråstopp. Slik NVE og OED pressa på, så blei folk rett og slett sinte. Det var ingen annan veg enn å trekke heile greia.

Sidan då har OED fått ein høgsterettsdom mot seg for dårleg sakshandsaming. Den gjeld urfolk sine rettar. Men det står ikkje betre til med naturverdiar.

Naturvernforbundet ser i dag ikkje eit einaste areale som er aktuelt for vindkraft i Møre og Romsdal.

Viss du vil lese kva Naturvernforbundet meinte om saka i 2019, så finn du fråsegna nedanfor.