Naturvernforbundet om forslag til kraftverk i Rindal: Utgreiinga held ikkje mål!
– Dokumentasjon av verknad på naturverdiane er i denne søknaden så dårlege at søknaden må sendast i retur. Utan betre dokumentasjon enn dette, kan det ikkje vere aktuelt å bygge ut vassdraget. Dette seier fylkesleiar i Naturvernforbundet, Øystein Folden, i ein uttale til planane om Brandåa kraftverk i Rindal.
Det er Svorka energi som har sendt inn den semre søknaden om utbygging av Brandåa i Rindal. I utbygginga ligg også ei oppdemming av Brandåvatnet, utan at dette fell i god jord i Naturvernforbundet.
Naturvernforbundet har tidlegare bede kommunane om å ”grovsortere” vassdrag i ”raudt, gult og grønt” som ein slags lokal samla plan for å kanalisere bygging av mindre kraftverk til dei vassdraga der dei gjer minst skade, og slik at viktige småvassdragsverdiar blir tatt vare på utan utbygging. Sorteringa vil vere til stor hjelp for vurdering av litt større kraftverk også.
Etter det Naturvernforbundet kjenner til, har Rindal kommune ikkje gjort noko overordna vurdering av vassdraga sine på denne måten. Det at ei slik vurdering manglar, gjer også at Naturvernforbundet er kritiske til å handsame søknaden om bygging av Brandåa kraftverk no.
For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kontaktast på telefon 91 81 25 42.
Les uttalen frå Naturvernforbundet til Norges vassdrags- og energidirektorat