Naturvernforbundet om forslaget til ny forvaltningsplan for store rovdyr i region 6

Forvaltningsplan for dei store rovdyra, region 6, har vore på høyring. Naturvernforbundet i dei tre fylka i Midt-Noreg har sendt ei felles fråsegn.

Ei enkel oppsummering:

– Endringane i forvaltningsplanen er ikkje vurdert i høve naturmangfaldloven, ein vesentleg mangel.

– Ynglemålet for bjørn er ikkje nådd. Det manglar analyse for kvifor ein ikkje har nådd målet. Å redusere yngleområdet har dermed ikkje tilstrekkeleg grunngjeving.

– Flytting av ulv med spesielt verdifullt DNA må vurderast framfor felling.

– Den sørvestlege jervestammen som krev spesiell merksemd er heilt oversett.

– Reduksjon i yngleområde for jerv vil saman med store uttak i Møre og Romsdal  og Sør-Trøndelag dei siste åra føre til at ein ikkje når ynglemålet for jerv i framtida.

– Manglande oppnåing av ynglemål for gaupe i Møre og Romsdal har ikkje fått merksemd. Naturvernforbundet foreslår at område utan kvote nord for Romsdalsfjorden blir oppretta som kvotejaktsområde, slik at ein kan nå målet om to ynglingar.

– Rovdyr i kalvingsland for tamrein er eit problem, men det foreslåtte fellingsregimet er ikkje ei løysing då det vil føre til at ein ikkje lenger når ynglemåla.

– Område med villrein er avhengig av ein viss rovdyrstamme. Det er viktig at det i alle fall i desse områda er rom for både gaupe og jerv. Forollhogna må ikkje takast ut av yngleområdet for jerv.

Kontaktpersonar på denne saka:

Øystein Folden, 918 12 542 (tilgjengeleg 1.3. fram til ca. kl 18 og frå søndag 3.3. frå ca. kl. 19)

Per Flatberg, 905 15 046