Naturvernforbundet om fylkesvise planar for vindkraft: Godt forslag frå regjeringa

– Naturvernforbundet meiner det er nødvendig med vidare utvikling av fornybare energikjelder, men det må stillast same strenge krav til natur- og miljøhensyn i slike saker som i andre utbyggingssaker, seier leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. – Det at Møre og Romsdal fylke før jul vedtok å ikkje lage fylkesdelplan for vindkraft viser berre at alle festtalane om einskapsfylket som regional utviklingsaktør er tomprat.

Det var i oktober i år Miljøverndepartementet fremja forslag til retningsliner for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. Her skriv departementet m.a. at fylkesdelplanar vil vere godt eigna for å styre lokaliseringa av vindkraftanlegg til område der konfliktnivået er lågare.

I fråsegna si til Miljøverndepartementet skriv Norges Naturvernforbund at vurderingar for større område i samanheng er avgjerande for å få til utbyggingar med minst mogeleg konfliktar og miljøkostnader. – Vi gir full støtte til at handteringa av konsesjonssøknadene vert utsett til dei regionale planane er ferdige. Det er heilt i tråd med våre krav frå tidlegare, seier Øystein Folden.

Naturvernforbundet har dei siste åra fleire gonge r oppmoda Møre og Romsdal fylke til å ta grep i vindkraftdebatten. Møre og Romsdal er eit av dei fylka der konfliktnivået knytt til vindkraft er høgast. – Dette skuldast og fremst uprofesjonelle utbyggarar og famlande styresmakter, seier Øystein Folden.

I Tidens Krav i jula har venstrepolitikarar Iver Nordseth frå Smøla eit innlegg der han skuldar Naturvernforbundet for den manglande framdrifta i vindkraftutbygginga. – Nordseth har fleire hattar, han er både ordførar, leiar i Landsforeninga for norske vindkraftkommunar og fylkespolitikarar. Likevel har han ikkje løfta ein finger for å få på plass vindkraftplanlegging i vårt fylke. Nordseth har svært liten truverd når han kritiserer Naturvernforbundet, seier Folden.

Naturvernforbundet har elles ei rekke kommentarar til innhaldet i retningslinene frå Miljøverndepartementet:

– Nettilknyting for vindkraftanlegg skal vurderast som ein integrert del av vindkrafta i dei regionale planane, og bruk av jordkabel må inn som eit tiltak for vurdering.

– Godkjende regionale planar må dei vere bindande for NVE. Det vil seie at NVE utan vidare avviser søknader som etter ei samla konsekvensvurdering er spesielt konfliktfylte. Det same må gjelde der utbygging vil gå ut over store einskildverdiar i natur og landskap, understrekar Folden. – Med nasjonale mål som utgangspunkt for planane, vil ein slik praksis vere heilt parallell til den vellukka ordninga vi har med Samla plan for vassdrag.

– Den folkelege motstanden mot vindkraftplanar er mange stader stor, framhevar Naturvernforbundet. – Denne motstanden har truleg vakse raskare i vindkraftsaka enn i noko anna miljøspørsmål. Vi ser dette som eit uttrykk for at natur og landskap er viktigare for mange i dag enn tidlegare.
Norges Naturvernforbund meinar at omsynet til samverknader generelt sett bør bli sterkare i retningslinene.

– Dei to måla for energiforsyninga, å avgrense utsleppa av klimagassar og å halde naturinngrepa på eit nivå med akseptable ulemper, inneber ein dobbel skranke for større energitilgang. Vi går ut frå at akseptable ulemper inneber at vindkraft ikkje skal gå ut over målet om å stanse nedgangen i biomangfald innan 2010, avsluttar Folden.

Kontakt fylkesleiar Øystein Folden på 91 81 25 42 for meir informasjon. Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les uttalen frå Naturvernforbundet til Miljøverndepartementet

Innlegg frå Iver Nordseth i Tidens Krav

Fagrapport friluftsliv og vindkraft i Rogaland

Planprogram for fylkesdelplan for vindkraft i Rogaland

Oppstart av arbeid med fylkesdelplan for vindkraft i Nordland

Forslag til planprogram – fylkesdelplan for vindkraft i Sør-Trøndelag

Vindkraft i Sør-Trøndelag: Presentasjon ved oppstart av fylkesdelplanarbeidet