Naturvernforbundet ønskjer meir økologisk landbruk og meir beiting i Tingvoll

Tingvoll kommune har hatt forslag til landbruksplan for 2010 – 2014 ute på høyring. Naturvernforbundet i Tingvoll har gitt ei fråsegn.

I fråsegna tek Naturvernforbundet opp mange spørsmål. I tillegg til å støtte opp om kommunen sine mål om økologisk landbruk og å etterlyse meir beiting, er det også nokre andre spørsmål som blir drøfta. Først og fremst strekar Naturvernforbundet under at grøfting av myr er uheldig og at trua på skogplanting som klimatiltak manglar noko fagleg fundament, det er viktigare å la vere å hogge ein del skog enn å plante ny skog med omsyn til binding av klimagassane.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Tingvoll og har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les heile fråsegna til Naturvernforbundet