Naturvernforbundet ønskjer tiltak for meir jerv i Møre og Romsdal

I ei fråsegn til Miljødirektoratet peikar Naturvernforbundet på at Møre og Romsdal ligg under ynglingsmåla for jerv. Det er difor viktig å få igang tiltak som kan gi fleire jerveynglingar i fylket.

Naturvernforbundet har i eit brev til Miljødirektoratet gått gjennom utviklinga i jervebestanden i Møre og Romsdal dei siste åra.

Det er eit problem at det, til tross for få ynglingar, blir teke ut mange jerv i form av hiuttak i Møre og Romsdal.