Naturvernforbundet oppmodar Møre og Romsdal fylke om å ta grep i vindkraftdebatten

Møre og Romsdal fylke må snøggast råd varsle oppstart i arbeidet med ein fylkesdelplan for vindkraft i fylket vårt. Samstundes må fylket be NVE om å «fryse» konsesjonsbehandlinga for vindkraftanlegga til fylkesdelplanen er på plass. Dette er nødvendig for å sikre at ei eventuell utbygging av vindkraft i Møre og Romsdal blir gjort på dei rette stadane med så små miljøkonsekvensar som råd.

Dette er oppmodinga frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til fylket. Debatten om vindkraft som energiform går høgt i Møre og Romsdal for tida. Debatten gjeld både konsesjonssøknader og det at fleire energiselskap samtalar med grunneigarar og målar vind, truleg for å planlegge meir vindkraftutbygging. Naturvernforbundet er uroa over at denne utbygginga skjer utan ein overordna plan.

Det er samstundes klårt at det ikkje vil bli bygd ut ny vindkraft i Noreg før dei økonomiske støtteordningane er på plass. Det er difor eit handlingsrom nett no for å utarbeide ein overordna plan for vindkraft i fylket vårt.

Naturvernforbundet har merka seg at NVE gjennom media har signalisert at dei no skal begynne å gi fleire vindkraftkonsesjonar. Dersom NVE gir fleire konsesjonar i vårt fylke, vil meininga med å lage ein overordna plan kunne forvitre, noko Naturvernforbundet trur fører til at unødvendig mykje, og feil, natur blir rasert.

Naturvernforbundet har lenge etterlyst ein betre plan for vindkraft. No hastar det, og vi ber Møre og Romsdal fylke om å gjere følgjande:

1) Varsle oppstart av fylkesdelplan om vindkraft.

2) Gi melding til NVE og til olje- og energiministeren om at konsesjonsbehandlinga for vindkraft ikkje blir avgjort før fylkesdelplanen er på plass.

3) Kalle inn naturvernorganisasjonane, kommunane og energiselskapa til ei drøfting for å bli samde om konkret framdriftsplan og opplegg for fylkesdelplanen.

Kontakt fylkesleiar Øystein Folden på 91 81 25 42 for meir informasjon. Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Svar frå fylkesordføraren på NRK Møre og Romsdal

Globale utsikter for vindenergi – Global Wind Energy Outlook 2006

Liknande brev frå Naturvernforbundet i Nord- og Sør-Trøndelag

Les brevet frå Naturvernforbundet til Møre og Romsdal fylke

Brev fra Vern Kysten til Statsministeren

Svarbrev frå Møre og Romsdal fylke

Foredrag om vindkraft i Møre og Romsdal

Vedtak i Sør-Trøndelag

ZERO med uttale til tematiske konfliktvurderinger

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane om tematiske konfliktvurderingar