Naturvernforbundet purrar på Skodje kommune

Epost frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Skodje kommune 4. januar 2007.

Fra: Øystein Folden
Sendt: 4. januar 2007 00:13 Til: postmottak(a)skodje.kommune.no Kopi: asbjorn.borset(a)mrfylke.no Emne: spørsmål om kopi av løyve – motorferdsel
Nedanfor følgjer litt korrespondanse frå tidlegare. Vi har ikkje sett noko til den delen av saka som gjeld løyve etter motorferdsellova. Det har gått meir enn to månader sidan vi spurde, så eg går ut frå at de no har fått samla saman dokumenta og kan sende dei til oss. Elles er vi interessert i å få greie på om de har gjeve løyve til motorferdsel i samband med bruk av hytta ved Nihusen no på seinhausten. Svar får vi anten i form av kopi av søknad og løyve, eller stadfesting om det ikkje finst noko løyve. Vi forventer å få svar på dette vesentleg fortare enn 2 månader. Med helsing Øystein Folden Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 6630 Tingvoll —– Forwarded message from Bent Leite <bent.leite(a)skodje.kommune.no>
Date: Tue, 14 Nov 2006 14:51:54 +0100 From: Bent Leite <bent.leite(a)skodje.kommune.no>
Reply-To: Bent Leite <bent.leite(a)skodje.kommune.no>
Subject: Ang: Rogneskarvegen/Nihusen To: foldengp(a)start.no

Viser til Dykkar e-post.

1. Annekset/redskapsboda som er oppført i samband med fritidsbustaden på gnr. 25 bnr. 1 ved Nihusen er ikkje handsama som byggesak. Stig Rune Otterlei har drøfta saka med Skodje kommune før bygginga vart sett i verk.

Skodje kommune har etter ei samla vurdering konkludert med at tiltaket ikkje
krev søknad eller meldingshandsaming jfr. § 5 i forskrift om saksbehandling og kontroll i byggjesaker (SAK).

2. Det er ikkje Teknisk avdeling som handsamar saker etter lov om motorferdsel i utmark og vassdrag. Det er sentraladministrasjonen (rådmannen) som handsamer slike saker.
Ein kjenner ikkje til om det er gitt løyve/dispensasjon frå denne lova.

Med helsing

Bent leite avd. ing
>>> Øystein Folden <foldengp(a)start.no> 23.10.2006 22:43:48 >>>
I samband med at vi får førespurnader om Rogneskarvegen ønskjer vi å få
opplysningar om følgjande:

1. Har det vore byggemeldt eit bygg nr. 2 i samband med fritidshytta på gnr 25 bnr 1 oppunder Nihusen. I så fall ønskjer vi å få kopi (gjerne digitalt) av
saksdokumenta tilsendt.

Vi har alt fått dokumenta knytt til riving av opprinneleg koie og bygging av
ny hytte, så den treng vi ikkje.

2. Har det vore søkt om dispensasjon for køyring med motorkøyrety i utmark i
samband med bygginga av hytte på gnr 25 bnr 1? I så fall ønskjer vi å få kopi
(gjerne digitalt) av saksdokumenta tilsendt.

Med helsing

Øystein Folden leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 6630 Tingvoll tlf 918 12 542/71 53 33 31 epost: moreromsdal(a)naturvern.no www.naturvern.no/moreromsdal

Krav om utlevering av dokument