Naturvernforbundet purrar på Surnadal kommune

Epost til Surnadal kommune 4. januar 2007.

14. desember 2006 sendte Naturvernforbundet eposten nedanfor. Vi har ikkje fått svar, og meiner de no har brukt meir enn rimeleg tid på å sende oss dei dokumenta vi har bedt om. Difor venter vi no at dokumenta kjem umiddelbart. Helsing Øystein Folden —– Original Message —– From: Naturvernforbundet i Møre og Romsdal To: post(a)surnadal.kommune.no Sent: Thursday, December 14, 2006 11:23 AM Subject: Dokument
Eg ser av postlista at det er journalført 10.10.06 ein søknad om landbruksveg i Stangvik, journalnr. 06/011949 001. Eg trur denne saka kan innverke på naturverdiar, og ønskjer å få tilsendt kopi av søknaden og eventuelt seinare dokument i saka. Finst dokumenta i digital form, er dette beste måten å få dei tilsendt på. Med helsing Øystein Folden Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 6630 TINGVOLL