Naturvernforbundet rår til å avslå søknad om skifilm

Destinasjon Ålesund og Sunnmøre har søkt om løyve til heli-skiing i Stranda kommune. Målet er å lage enda ein skifilm.

Naturvernforbundet ser på dette som omstridd flyging i alle fall. Søkjar har ført opp perioden frå 3.4. og utover, dvs. frå søndag. Med ein søknad dagsett 29. mars, gir det som vanleg ikkje høve til å handsame og eventuelt klage før den tid. (Vi har sjekka ein gong til og det står ikkje 2017).

Kommunen kan trygt og godt avslå denne søknaden med melding om at det ikkje er tilstrekkeleg tid for sakshandsaming. Så kan søkjar få oppleve korleis det er å få eit vedtak i mot seg som dei kan klage på. Kanskje det gjer at dei vil søke tidlegare ein eventuelt seinare gong.

Det går ikkje fram av søknaden kva slags personell som skal fraktast til toppane. Viss skikøyrarane skal ha skyss, så gjeld det andre reglar for desse enn for fotografane. Vidare står det ikkje noko om personell som skal plukkast opp ein eller annan stad i den andre enden av løypa. For biologisk mangfald er det snart at henting av skikøyrarar i botn av bakken er vel så stort inngrep som landinga på fjelltoppen.

Stranda kommune har i ettertid avslått søknaden.