Naturvernforbundet reagerer på saksbehandlinga ved tildeling av kvoter for felling av gaupe

Naturvernforbundet seier i eit brev til Klima- og miljøverndepartementet frå om ein prosess kring fastsetting av gaupekvote for jakta 2014 som vi meiner må føre til vesentlege endringar for framtida.

Naturvernforbundet reagerer på at saka har preg av knappe fristar utan rom for postgang eller ordinær journalføring, med den verknaden at klager ikkje er blitt med i handsaminga. Det er ikkje fullt ut referert kva klager som ligg føre, og meir tilfeldig referert kva hovudpunkt klagene dreier seg om, men det er konkludert med at det ikkje kjem fram noko nytt. Ein del av klagene har konkrete påstandar av fagleg karakter som nemnda ikkje kommenterer i det heile i klagesakshandsaminga.

Naturvernforbundet meiner det er behov for ei viss evaluering av den regionale forvaltninga av store rovdyr.