Naturvernforbundet reagerer på slurv i Molde kommune si behandling av forsøplingssak

Naturvernforbundet i Molde sendte i sommar eit brev til Molde kommune. Bakgrunnen var eit tips lokallaget fekk om noko som kunne vere ulovleg forsøpling. Svaret frå Molde kommune var svært mangelfullt, og Naturvernforbundet har difor kontakta ordføraren for å få avklart nokre tilhøve.

Det er kommunane som er styresmakt i forsøplingssaker. Naturvernforbundet kontaktar difor rutinemessig kommunar når vi får tips som kan innebere ulovleg forsøpling.

Dersom kommunane ikkje har rutiner for å handtere forsøplingssaker bryt dei forureiningslova. Naturvernforbundet har difor sendt kopi av brevet til ordføraren til Møre og Romsdal fylke.

Det uakseptable brevet frå Molde kommune

Tipset frå Naturvernforbundet til Molde kommune

Brev frå Naturvernforbundet til ordføraren i Molde

Svar frå Molde kommune

Videre arbeid med forsøpling på Sekken