Naturvernforbundet rosar miljøinitiativ frå Høgre
– Eit framsynt miljøforslag, seier leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal om Høgre sitt forslag om å miljøsertifisere alle dei vidaregåande skolane i fylket. Utdanningsutvalet har slutta seg til forslaget som no skal greiast vidare ut av administrasjonen.
Forslaget som vart fremja av Torkild Solli Haukaas fører til at alle skolane må gå gjennom miljøpåverknaden sin og gjennomføre tiltak for å bli betre. Miljøsertifisering vil også involvere elevane. I dag er det berre Tingvoll vidaregåande skole som er sertifisert som Miljøfyrtårn, men også Ålesund vidaregåande skole har gjort arbeid på feltet.
– Det at miljøsertifiseringa skal omfatte både dei internasjonale ordningane EMAS og ISO 14001 som er kjente frå konkurranseutsett industri i fylket vårt, og dei enklare ordningane Grønt flagg og Miljøfyrtårn, gjør det mogleg for skolane å tilpasse sertifiseringa til eksisterande pedagogiske opplegg, meiner Folden, som ser for seg at særleg dei skolane som har yrkesfag vil ha utbytte av å gjennomføre ei miljøsertifisering etter EMAS eller ISO 14001.
Frå før har Oslo kommune innført eit krav om miljøsertifisering av kommunale verksemder. Bakgrunnen for å innføre kravet er å feie for eigen dør. Med ?einskapsfylket?, samanslåinga av fylkeskommunen og fylkesmannen, har miljøvernavdelinga blitt ein del av den same administrasjonen som styrar dei vidaregåande skolane. Miljøvernavdelinga kan krevje at private bedrifter skal gjennomføre kostbare miljøtiltak. Da bør Møre og Romsdal fylke vere eit førebilete sjølv.
Meir informasjon: Leiar Øystein Folden har telefon 71 53 33 31 og mobil 918 12 542. Han kan også treffast på epost moreromsdal@naturvern.no.
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har nye heimesider på www.naturvern.no/moreromsdal
Forslagsstillar Torkild Solli Haukaas har telefon 911 41 290
Saka frå utdanningsutvalet finst på http://www.mrfylke.no/fmmr_motebok.asp?tgid=22662&gid=22664&mbok=Utdanningsutvalet
Meir informasjon om miljøsertifisering finst her:
EMAS: http://www.sft.no/nyheter/utskriftversjon_dbafile9171.html
ISO 14001: http://www.grip.no/Reiseliv/iso_14001.htm
Miljøfyrtårn: www.miljofyrtarn.no
Grønt flagg: www.fee.no
Oslo kommune har altså innført eit liknande krav allereie. Meir informasjon om dette finst på http://www.mos.oslo.kommune.no/dokumenter/dokument/nyhetsarkiv/endelig%20versjon%20fra%20trykkeriet%20bystyremedling%203.pdf