Naturvernforbundet seier nei til oppdrettsendringar ved Gjermundnesholmane
Naturvernforbundet i Vestnes har blitt bede om å uttale seg til ein søknad om endring av ein oppdrettskonsesjon ved Gjermundnesholmane. Føremålet er å endre art frå torsk til laks, aure og regnbogeaure med maksimal biomasse på 2340 tonn. Naturvernforbundet meiner i si fråsegn at det er meir enn nok fiskeoppdrett i Vestnes, og elles i Møre og Romsdal, og ynskjer ikkje enno ein «ny» konsesjon. Bakgrunnen for dette er dei mange miljømessige, samfunnsøkonomiske og kulturelle problema som er knytt til oppdrettsnæringa.
Naturvernforbundet peikar i fråsegna til Vestnes kommune på fleire utfordringar for oppdrettsnæringa:
Miljømessige problem
Noreg har i lengre tid hatt ei veksande næring basert på oppdrett av laks, og ho er i dag vår nest største eksportnæring. Sjølv om det viser seg at oppdrettsnæringa har mange negative effektar på naturmiljøet, er ho i stadig vekst. Men alle økosystem har ei grense for kor mykje belastning dei toler. Sannsynlegvis er tolegrensa i fjordsystema våre nådd for lengst..
Nokre få problemstillingar knytt til oppdrett er løyst, men det gjenstår enno store utfordringar!
Genetisk trugsel mot dei ville laksestammane gjennom rømming
-
kvart år rømmer det meir oppdrettslaks enn det naturen bidreg med av gyteklar villaks
-
rømming medfører genetisk tap for villfisken og minskar overlevings- og formeiringsevna
-
det genuine, stadegna genmateriale er tapt i meir enn 45 norske lakseelvar
-
oppdrettslaksen konkurrerar med villaksen om føde og gyteplassar
Rådgivende Biologer har rekna ut at 2, 5 millionar laks kan ha rømt kvart år, medan meldingar frå oppdrettarane viser at det i snitt har rømt berre 440 000 laks. Innslaget av rømt oppdrettsfisk i lakseelvane er i snitt på 15 %. Det er tre gonger så høgt som det forskarane meiner er eit akseptabelt nivå.
Overføring av ei rekkje sjukdommar frå oppdrettslaks til villaks og andre fiskeslag
- altfor tette konsentrasjonar av fisk gjer at dei er meir utsett for sjukdommar og parasittar
- medisinar/kjemikaliar nyttast mot m.a. bakteriesjukdommar, lakselus og bendelorm
- sjukdommar: ILA, IPN, PD, HSMB, Piscirickettsiose, Furunkulose, BKD.
- parasittar: Lakselus, Skottelus, Bendelorm, Spironucleus salmonicida.
For å unngå at fisken utsetjast for unødige lidingar og sjukdomspress, må fisken sine naturleg instinkt og behov ivaretakast. Liten plass, dårleg vasskvalitet, hardhendt behandling og bruk av kunstig lyssetjing kan verke svært negativt på fisken si helse og trivsel.
Det aukande trykket av lakselus er eit alvorleg problem i oppdrettsnæringa og både NINA og Rådgivende Biologer meiner det er stor grunn til bekymring for effekten på villfiskbestandane. Lakselusa blir prøvd kontrollert med legemiddel som laksen blir bada i eller som blir gitt via fòret. Ei utfordring ved bruk av medikament er at lusa kan bli resistent.
Ureining og overgjødsling av fjordsystema gjennom utslepp av kjemikalie, fòr og avføring
- utslepp av kjemikalie ved mellom anna tilsett giftstoff i fòr (plantevernmiddel), medisinar og veksthindrande impregnering til nøtene (kobbar, giftig for vasslevande organismar)
- utslepp i form av ekskrement og fòrspel kan føre til overgjødsling og store miljøproblem – oppbloming av giftige algar, oksygenmangel, livlaus havbotn og færre dyr og plantar
- ureining og overgjødsling av fjordane verkar negativt inn på fiske, friluftsliv og turisme
Fiskeri- og Havbruksnæringa si Landsforeining opplyser at det i februar/mars var 550 000 tonn oppdrettsfisk i norske anlegg, men at desse tala varierar mykje frå månad til månad. Utsleppa frå oppdrettsanlegga går ureinsa i sjøen, og tilsvarar no utslepp frå nær to gonger Noregs befolkning (KLIF/tidl. SFT).
Utslepp av næringssalt frå eit middels stort oppdrettsanlegg med produksjon av 3120 tonn laks, tilsvarar eit utslepp frå ein by på rundt 50 000 innbyggarar. Anlegget som det er snakk om på Gjermundnes med 2340 tonn laks, vil gje eit utslepp tilnærma kloakk frå ein by på rundt 37 500 innbyggjarar.
Trugsel mot fiskebestandar globalt for å fòre oppdrettsfisken
- norske oppdrettsanlegg brukar rundt 1 million tonn fòr i året
- ein reknar med at det går ca. 3-6 kg villfisk for å produsere 1 kg oppdrettslaks
- vekst i oppdrettsnæringa og etterspurnaden etter marint fòr, bidreg til overfiske
Oppdrettsnæringa er basert på marine råvarer (fiskemjøl/fiskeolje) og bidreg difor i stor grad til overfiske av sårbare fiskebestandar. 74 % av verdas fiskestammar er anten maksimalt utnytta, overutnytta eller i ferd med å bli utrydda. Alle desse fiskeslaga har ei avgjerande rolle i næringskjeda, og overfiske kan skape ubalanse i hele økosystemet i havet.
Samfunnsøkonomiske problem
Oppdrettsnæringa har ført til vesentleg reduksjon av villaks og store økonomiske tap for distrikts-Noreg. I tillegg beitar andre kommersielle artar som sei, lyr og torsk på avføring og laksefòr. Dette gjer at fisken blir øydelagd som matfisk og at kystfiskarane ikkje får levere fisken til fiskemottaka.
Norsk oppdrettsnæring trugar berekraftig kystfiske og lokalt forankra arbeidsplassar, både her og i andre land. For å kunne sikre ei berekraftig utvikling, må oppdrettsnæringa respektere lokalbefolkninga sine fisketradisjonar. I Chile møter norske aktørar protestar frå lokale kystfiskarar og miljørørsle, då dei norske oppdrettsanlegga trugar villfisk og havmiljø.
På trass av stadig nye produksjonsrekordar og enorm vekst i forteneste for eigarselskapa, blir det færre og færre tilsette i oppdrettsnæringa.
Kulturelle problem
Fjordane er populære rekreasjonsområde. Oppdrettsanlegga påverkar fri ferdsel og tilgang til tradisjonelle fiskeplassar for både yrkes- og fritidsfiskarar. Fritidsfiske er ein av Noregs største rekreasjonsaktivitetar, så redusert tilgjenge for populære fiskeplassar går ut over mange. Avfall frå oppdrettsanlegga kan òg ha konsekvensar for nærliggande badeplassar.
Økologisk berekraft og føre var-prinsippet må ligge til grunn for vidare utvikling i oppdrettsnæringa. Utslepp av kjemikaliar og næringssalt, rømt oppdrettslaks i vassdraga, spreiing av parasittar og sjukdommar, press på andre fiskeartar og interesser m.m., viser at oppdrettsnæringa på mange område ikkje held seg innanfor langsiktige og berekraftige rammer. Ei næring som ikkje driv berekraftig vil ikkje sjølv overleve i det lange laup.
Naturvernforbundet i Vestnes meiner det ikkje bør gjerast vurdering av nye konsesjonar utan grundige miljøkonsekvensanalysar, og at det bør stillast strenge krav til både berekraftig fôring og avgrensing av lokale miljøproblem oppdrettsanlegga fører med seg. Kanskje er landbaserte anlegg eller tette posar i sjøen den beste løysinga for oppdrettsnæringa på sikt?
Inntil oppdrettsnæringa har meir kunnskap om konsekvensar og løysingar på problema, bør det ikkje opnast for fleire oppdrettskonsesjonar.
Me vil tilslutt minne om Regjeringa sitt mål om å stoppe alt tap av biologisk mangfald innan 2010. Dette inneber å ta vare på og bygge opp bestandar av ein storleik og samansetning som sikrar mangfald innan arten og utnyttar deira produksjonsmoglegheit. Arten sine leveområde skal forvaltast slik at naturen sitt mangfald og produktivitet blir teke vare på, og trugselfaktorar skal identifiserast og fjernast. Der dette ikkje er mogleg, skal trugselfaktorane sin verknad på bestandane sin produksjon, storleik og samansetning motverkast eller opphevast gjennom tiltak. Påverknadar som trugar arten sitt genetiske mangfald skal reduserast til ikkje-skadeleg nivå innan 2010.
Bernt Gjelsten er leiar av Naturvernforbundet i Vestnes. Han har telefon 97 18 60 58.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen
Fråsegna frå Naturvernforbundet i Vestnes til Vestnes kommune