Naturvernforbundet si uttale til hytteplan i Tingvoll

Først av alt kan vi seie at kommunen har ei god grunnhaldning til plassering av hytter. Naturvernforbundet er samd i at sentrale areal på Aspøya skal handsamast for seg. Området har gode kvalitetar som det er viktig å arbeide grundig med.

Kommentarar Til dei einskilde prosjekta: 1. Stølen og Solli Ingen merknad.

2. Vassli Dei to eksisterande hyttene er døme på privatisering av strandline som vi tykkjer er svært uheldig. Vi ser det ikkje realistisk med tilbakeføring av eksisterande hytter. Skaden er alt skjedd, og blir lite forverra av fortettinga.

3. Dragseth og Topp Vi er kjent med at Topp har trekt tilbake prosjektet sitt.

Området er ikkje akkurat villmark, så utbygging på denne staden skal i utgangspunktet ikkje vere problematisk. Viss området skal nyttast til fritidsbustader, bør det vel heller vere tale om ein meir intensiv bruk som campingplass med spikertelt?

4. Strupstad Området er innteikna med strandline. Det er heilt vesentleg at feltet blir planlagd slik at bruken av strandlina ikkje blir privatisert/forringa for allmenn bruk. Dette gjeld også viss det er ønskje om naust.

5. Holten Ingen merknader til utvidinga, men vi vil peike på at ønskje om nausttomter kan privatisere strandlina ytterlegare. Det er mykje press på strandlina i området, så denne sida av saka krev gode løysingar.

6. Bulling Strandlina i denne delen av Tingvoll er lite prega av hytter frå før. Naturvernforbundet har eit primært ønskje om at hyttebygging i dette området blir ganske hardt avgrensa. Det er i alle fall ønskjeleg at strandlina ikkje blir ”punktert” på nye stader. Vi ser eit visst trugsmål mot biologisk mangfald i dette området pga. attgroing, men hyttefelt representerer ikkje utan vidare noka medisin med omsyn til dette.

7. Rotås Ingen merknader.

8. Almskår Ingen merknader.

9. Selbekk Avstanden til stranda må legge avgrensinga for kva som kan byggast.

10 Rakstang Det er viktig at plasseringa av hytta ikkje gir ytterlegare privatisering av strandline.

11. Magnillen Camping Naturvernforbundet ser på området som attraktivt. Området er bygd ut med tanke på fritidsbruk og reiselivsnæring. Det er eit poeng å samle inngrepet av denne typen, og utvikle dette til høgkvalitets fritidsområde som i så stor grad som mogleg kan nyttast av dei som ikkje bur på campingen i tillegg til dei som er kundane der.

12. Vikan Ingen merknader viss tiltaket ikkje fører til behov for naust som privatiserer stranda ytterlegare.

13./14. Årsund/Fjærvik Det er i alle fall viktig at utbygging i dette området skjer i form av reguleringsplan. Det er heilt vesentleg for eit akseptabelt resultat at strandlina ikkje blir privatisert, og at atkomst til strandlina ikkje blir blokkert. Naturvernforbundet tykkjer utbygginga i dette området byrjar å bli kraftig, men det kan vere betre at siste restarealet i dette området blir nytta framfor at det blir opna opp på nye stader. Vi ser her at hyttetomter er ein avgrensa ressurs. Ytterlegare utbyggingsområde kan ein vel ikkje rekne med vil kome seglande på ei fjøl når desse areala er brukt opp.

15. Strømsvåg Ingen merknader viss tiltaket ikkje fører til behov for naust som privatiserer stranda ytterlegare.

16. Wehn/Sallaup Ingen merknader til hyttetomta. Nausttomta er problematisk, nytt inngrep eit lite stykkje frå tidlegare inngrep er i utgangspunktet ei dårleg løysing i strandsona framfor samla inngrep. Naturvernforbundet har ikkje kunnskap om dette området og vi kjenner ikkje grunnen for løysinga.

17. Nergård Ingen merknader.

For ytterligare informasjon kan Øystein Folden kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Les uttalen frå Naturvernforbundet i Tingvoll til Tingvoll kommune