Naturvernforbundet sjokkert over skogsvegplanar i Volda

Biologisk mangfald med internasjonal verneverdi er påvist i Bjørkedalen i Volda. Det har tydelegvis ikkje skogbruket oppdaga. Difor har Naturvernforbundet no klaga på eit løyve til traktorveg i ein av dei to mest verdifulle olivinfuruskogane vi har i fylket. Sidan slike olivinfuruskogar er spesielt for Noreg, er dette område det ikkje finst make til på verdsbasis.

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er sjokkert over at miljøverdiar som er veldokumentert i offentleg tilgjengelege databasar ikkje blir brukt av skogbruksetaten. Heller ikkje den spesielle rapporten om området som fylket har sendt ut til etaten har vore i bruk når det i traktorvegvedtaket står at det ikkje er registrert ”spesielle natur/miljøverdiar” i dette området.

Det er dessutan skremmande at saker som dette blir handsama utan at andre enn grunneigar og skogbruksetaten veit noko om saka. Slik kan det ikkje halde fram. Det var heilt tilfeldig at Naturvernforbundet fekk eit tips om saka og begynte å undersøke nærare.

Området blei forsøkt verna på 1980- og 90-talet, men det stoppa opp på grunn av høgt konfliktnivå. Verdiane i området viser seg å vere høgare enn det ein visste den gongen. Dette er rett og slett eit kremområde og eit av dei skogsareala som har høgast verneverdi i Møre og Romsdal.

Naturvernforbundet er no spente på om skogeigarorganisasjonane vil rette opp inntrykket når det gjeld vilje til friviljug vern. I Møre og Romsdal er det sidan 2002 kome eit tilbod på vel 400 dekar til skogvern gjennom ordninga. Betrar ikkje dette seg snarleg må ein gå over frå grunneigarstyrt vern til samfunnsstyrt vern før verneverdiane er vekk. Tap av biologisk mangfald skal stansast, og skogeigarar og skogetat må gjere sin del av jobben. Både olivinfuruskogen i Tjørnanakkane i Volda og i Onilsa i Norddal vil bli svært godt tatt i mot når skogeigarorganisasjonane vil tilby dei til vern.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Førebels klage til Volda kommune på skogsveg i Bjørkedalen

Vedtaket i Volda kommune om løyve til skogsveg

Kart over området

Kartlegging av naturtypar og biologisk mangfold i Volda kommune

Brev til Volda kommune om olivinfuruskog 23. januar 2007