Naturvernforbundet skeptiske til gjødselspreiing i Tingvoll

Naturvernforbundet i Tingvoll registrerer at det er mange søknader om dispensasjon frå spreietidene i gjødselvareforskrifta no i haust. I og med at grasveksten no stort sett har stoppa opp, fryktar Naturvernforbundet at spreiing vil gi forureining av vassdraga og liten nytte for jorda.

Naturvernforbundet har difor sendt ein uttale til Tingvoll kommune. Vi ønskjer også kopi av alle dispensasjonssøknadene.

Naturvernforbundet meiner at det ikkje kan gjevast dispensasjon no for utkøyring av husdyrgjødsel på jordstykke som ligg i nedbørsområda til vassdraga i kommunen. Areal som ligg til sjø med lita utskifting av vatnet må også unngåast. Det er søknader i nedbørsfelta til Ulsetelva og til Langvatnet i Straumsnes. Desse vassdraga har i lengre tid hatt teikn som tilseier at næringstilsiget er stort allereie, og påviste store biologiske verdiar som vil ta skade av ytterlegare næringstilsig (jf. naturbasen).

Øystein Folden er leiar av Naturvernforbundet i Tingvoll. Han har telefon 91 81 25 42.

Les brevet til Tingvoll kommune